Tilskot for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg
For å auke oppslutninga om leveranse av husdyrgjødsel til biogassanlegg, er satsane i forskrift om tilskot til levering av husdyrgjødsel dobla frå 1. januar 2016. 7 mill. kroner står disponibelt i denne ordninga i 2016.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Tap av metan ved lagring av husdyrgjødsel utgjer ein stor andel av klimagassutsleppa frå jordbruket. Tilskot for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg bidrar til å reduserer slike utslipp, samstundes som gassen er ei energikjelde. Tilskotet kan gis til jordbruksføretak som leverer husdyrgjødsel til biogassanlegg. Satsane er dobla frå 1. januar 2016, - til 60 kroner pr. tonn.
Nærare informasjon om denne tilskotsordninga finn du på Landbruksdirektoratet sine nettsider.
Kontaktpersoner
-
Nono Dimby
Tlf: 51 56 89 78