Hald av 17. mars til landbrukskonferansen 2025

Dato:
17. mars 2025 08:30 - 15:30
Sted:
IMI Forum, Gunnar Warebergsgate 15 .4021 Stavanger
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland, Rogaland fylkeskommune, NHO, LO, KS, Rogaland bondelag, Agrovisjon og Rogaland landbruksselskap
Målgruppe:
Politikarar, bønder, næringsliv, rådgivarar, kommunetilsette og spesielt interesserte
Logo Landbrukskonferansen 2025

Matsikkerheit og beredskap. Klima - og energiutfordringa. Jordvernet. Vi ønskjer velkomen til Landbrukskonferansen 2025! Tema vil prege dagen på same måten som vi trur dei vil prege framtida. Vi oppmodar deg til å nytte 17. mars for fagleg påfyll, og til å møte både kjenningar og nye folk. Påmeldinga er opna!

Publisert 13.12.2024

Landbruket i Rogaland er av nasjonal betyding, og fortener sin eigen konferanse for både politikarar, næring og forvaltning. Vi kan love eit spanande program med gode innleiiarar! 

 

Plakat landbrukskonferansen 2025 endelig.jpg

Som vanleg er landbrukskonferansen eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Rogaland, Rogaland fylkeskommune, KS, NHO, LO, Rogaland bondelag, Agrovisjon og Rogaland landbruksselskap.

Detaljert program og presentasjon av føredragshaldarane kjem fortløpande. Følg med!

Velkomen!

Påmelding

Meld deg på ved å klikke på linken under. Frist for påmelding er 2. mars og påmeldinga er bindande. Konferansen kostar ordinært 1200 kroner per deltakar, og for bønder kostar det 600 kroner. Me tek atterhald om endringar i programmet.

Landbrukskonferansen 2025 | Statsforvalteren i Rogaland

Konferansen er på IMI Forum i StavangerNæraste buss-stopp er IMI- Kirken busstopp som ligg 2 min gange frå IMI Forum. Dersom du må parkere, er det mogleg på P-forum Tjensvoll. Her er det også mogleg å lade el-bilen.

Dato:
17. mars 2025 08:30 - 15:30
Sted:
IMI Forum, Gunnar Warebergsgate 15 .4021 Stavanger
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland, Rogaland fylkeskommune, NHO, LO, KS, Rogaland bondelag, Agrovisjon og Rogaland landbruksselskap
Målgruppe:
Politikarar, bønder, næringsliv, rådgivarar, kommunetilsette og spesielt interesserte