Inspirasjondag om juletre- og pyntegrøntproduksjon i samband med ope årsmøte i Skogselskapet

Dato:
1. oktober 2024 09:30 - 16:30
Sted:
Aksdal
Arrangør:
Skogselskapet i Rogaland i samarbeid med Statsforvalteren, Rogaland fylkeskommune og Tysvær kommune
Målgruppe:
Bønder/skogeigarar som vil starte opp med juletre- eller pyntegrøntproduksjon
Juletrefelt, fotograf Iris Adele Jess

Juletre- og pyntegrøntproduksjon blir tema på Aksdal i samband med ope årsmøte til Skogselskapet i Rogaland. Dette skal vere ein inspirasjonsdag retta mot bønder/skogeigarar som ynskjer å starta opp med juletre-, eller pyntegrøntproduksjon. Ta turen til Aksdal 1. oktober hvis du har planer om styrke inntektsmulighetene på garden. Frist påmelding 26.september.     

Publisert 30.08.2024

Program

Frå 09.30             Enkel servering ved ankomst.

10.00 - 11.30    Ope årsmøte i Skogselskapet i Rogaland.

11.30 - 12.00     Lunsj.

Inspirasjonsdag om juletre- og pyntegrøntproduksjon – auka inntekt på garden?

12.00 - 14.00 

Ønskjer du å utvida inntektsgrunnlaget på garden? Lurer du på om juletre og pyntegrønt kan vera svaret? Då er dette seminaret for deg, for her får du vite kva som skal til for å lukkast med juletre!

Lena Nergård frå Norsk Juletreservice og Gudrun Margrete Dyrseth frå Rogaland Juletre deler av sin kunnskap knytt til:

  • Kva du må tenka gjennom når du vil satsa på juletre som næring.
  • Marknaden og økonomien i juletreproduksjonen.
  • Ei næring der det er plass til fleire!
  • Kor får eg hjelp undervegs?
  • Innføring i skogfond i tilknyting til juletreproduksjon v/seniorrådgivar Morten Svanes, Statsforvaltaren.

Utferd

14.30 – 16.30     Gardsbesøk på Straum Juletregard Olav Straum - juletreproduksjon i 3 generasjonar og pyntegrøntproduksjon v/Marit Helle Vetrhus og Lena Nergård. Arne Svandal med lang fartstid innan juletreproduksjon vil også bidra med gode råd og tips. 

                              

Adresse: Straumsvegen 27, 5567 Skjoldastraumen

                              

1630                      SLUTT  

Du melder deg på ved å fylla inn skjemaet.

Påmelding

Eg vil delta på
Dato:
1. oktober 2024 09:30 - 16:30
Sted:
Aksdal
Arrangør:
Skogselskapet i Rogaland i samarbeid med Statsforvalteren, Rogaland fylkeskommune og Tysvær kommune
Målgruppe:
Bønder/skogeigarar som vil starte opp med juletre- eller pyntegrøntproduksjon