Tankar om nytt lausdriftsfjøs? Velkomen til informasjonsmøte om investeringsmidlane

Dato:
17. september 2024 11:00 - 18. september 2024 23:59
Sted:
Ølen og Vikeså
Arrangør:
Landbrukspartnarskapen i Rogaland
Målgruppe:
Bønder og andre interesserte
Nytt fjøs under oppføring. Foto: Anfinn Rosnes

Velkomen til informasjonsmøte anten du berre er nysgjerrig, eller er i tenkeboksen for om du skal gjere nødvendige investeringar for å møte lausdriftskravet. Det blir to møte. Eit 17. september på Vikeså, og eit 18. septemer i Ølen. Her blir det informert om korleis du kan søke støtte frå Innovasjon Norge til byggeprosjekt.   

Publisert 22.08.2024

Møta blir arrangert av landbrukspartnarskapen i Rogaland i samarbeid med hhv Bjerkreim kommune og Vindafjord kommune.   

Program

11.00 – 11.30 Lunsj og mingling

11.30 – 14.00 blir det følgjande innlegg:

  • Ordførar ønsker velkomen!
  • I rute til lausdriftskravet? Statsforvaltaren i Rogaland
  • Innovasjon Norge går igjennom krav til søknad og gir ein peikepinne på kva som blir støtta, samt støttenivå
  • Tankar frå Bondelaget
  • Vi får døme frå bønder som har investert

Det blir rom for å stille spørsmål. 

Møta er gratis, men av omsyn til matbestillinga ber vi om påmelding innan 15. september. 

 

Påmelding

Flervalg eller enkeltvalg
Dato:
17. september 2024 11:00 - 18. september 2024 23:59
Sted:
Ølen og Vikeså
Arrangør:
Landbrukspartnarskapen i Rogaland
Målgruppe:
Bønder og andre interesserte