Webinar: Introduksjon til prosjekt "Betre vasskvalitet i Hålandsvatnet"
- Dato:
- 7. november 2023 10:00 - 11:00
- Sted:
- Microsoft Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland
- Målgruppe:
- Alle interessert er velkomen til dette webinaret, spesielt politikare og folkevalt.
Tysdag 7. november kl. 10 arrangerast det eit digitalt webinar om "Prosjekt Betre vasskvalitet i Hålandsvatnet". Prosjektleiar Margit Reiersen kjem til å gå gjennom prosjektet. Kva formålet med prosjektet er, kva som skjer i prosjektet, og kva som er planlagt oppnådd i prosjektet.
Hålandsvatnet har i mange tiår slitt med stor tilførsel av næringsstoff og oppblomstring av giftige algar. Dette setter fort stopper for bading. Hålandsvatnet er einaste vassførekomst i Rogaland som enda har negativ utvikling av vasskvaliteten. Kan vi snu dette?
Prosjektleiar Margit Reiersen går gjennom bakgrunn og kva som er planlagt oppnådd i det treårige prosjektet. Prosjektet er eit stort banebrytande samstyringsprosjekt mellom Statsforvaltaren i Rogaland, Rogaland Fylkeskommune, Stavanger kommune, Randaberg kommune, Stavanger og Randaberg bondelag og Hålandsvatnet Grunneigerlag. Monge interessegrupper og organisasjonar er med å bidrar for å betre vasskvaliteten og gjere Hålandsvatnet til den naturperla den ein gong var.
Noter 7. november kl. 10.00 i kalenderen din og delta på webinar for å lære meir om prosjekt "Betre vasskvalitet i Hålandsvatnet".
Velkomen til webinar!
Ta i bruk denne lenke for å delta på webinaret 7.november kl. 10:00.
- Dato:
- 7. november 2023 10:00 - 11:00
- Sted:
- Microsoft Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland
- Målgruppe:
- Alle interessert er velkomen til dette webinaret, spesielt politikare og folkevalt.