Digitalt vidaregåande kurs i økonomisk rådgjeving

Dato:
19. september 2023 - 20. september 2023
Sted:
Digitalt - nettmøte i Teams
Arrangør:
Statsforvalteren i Trøndelag og Statsforvaltaren i Vestland, i samarbeid med Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, Nordland, Møre og Romsdal, og Rogaland
Målgruppe:
Økonomiske rådgjevarar og gjeldsrådgjevarar i Nav
Påmeldingsfrist:
15. september 2023 15:00

Vi har opna for påmelding. Viss tidspunktet for dette kurset ikkje passar, kan du delta på tilsvarande kurs 24.-25. oktober.

Publisert 24.11.2022

Dette er kurset for deg som skal kunne gi individuell økonomisk rettleiing på eit høgare nivå uavhengig av om du er statleg eller kommunalt tilsett.

Du melder deg på via påmeldingsskjema nedst på sida for å kunne delta. Ved å melde deg på samtykker du til at namn og e-postadresse kan vere synleg i Teams-møtet og i Outlook-invitasjonen. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Kurset er klokka 09.00 - 13.00 begge dagar, med lunsjpause klokka 11.15 - 11.45. Vi sender ut innkalling til Teams-møtet seinast klokka 16.00 dagen før.

Første dagen skal handle om økonomisk rådgjevar – rolleforståing og sentrale ferdigheiter, eigarforhold og tvangsinndriving og kreditor sikrar kravet sitt – pant, kausjon og andre sikringsmåter.  

Andre dagen skal vi snakke om utanrettsleg gjeldsordning, rettsleg gjeldsordning og privatpersonar og næringsverksemd.

Statsforvaltaren sitt kurstilbod innan økonomisk rådgjeving

Statsforvaltaren i Vestland og Statsforvalteren i Trøndelag held felles kurs for fylka Troms og Finnmark, Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland.

I 2023 tilbyr vi desse kursa, som blir gjennomført digitalt:

Dato:
19. september 2023 - 20. september 2023
Sted:
Digitalt - nettmøte i Teams
Arrangør:
Statsforvalteren i Trøndelag og Statsforvaltaren i Vestland, i samarbeid med Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, Nordland, Møre og Romsdal, og Rogaland
Målgruppe:
Økonomiske rådgjevarar og gjeldsrådgjevarar i Nav
Påmeldingsfrist:
15. september 2023 15:00