Nasjonal Inn på tunet - konferanse
- Dato:
- 29. august 2023 12:00 - 14:00
- Sted:
- Digital konferanse med direktesending fra Aaraas gård i Nittedal
- Arrangør:
- Landbruksdirektoratet, Statsforvaltaren i Oslo og Viken
- Målgruppe:
- Kommuneansatte innan skule, helse- og omsorg, integrering og arbeidstrening. Godkjente Inn på tunet gardar.
Her får du vite korleis Inn på tunet kan bidra til å oppfylle nasjonale, regionale og kommunale mål for opplæring, velferdstenester og integrering.
Les meir og meld deg på: Landbruksdirektoratets nasjonale "Inn på tunet"-konferanse.
Konferansen oppsummerer resultata frå Inn på tunet-løftet 2. Der vart det kartlagt kva utfordringar kjøpar møter når dei skal ta i bruk Inn på tunet-tenester og korleis desse kan løysast, både praktisk og økonomisk.
Du vil få sjå og høyre erfaringar frå Inn på tunet-tilbod rundt om i landet. Tilbod for brukargrupper som skuleelevar, personar med demens, flyktningar/innvandrar og menneske som treng arbeidstrening. Det vert fortalt om verdien av eit godt samarbeid med Inn på tunet-bonden og korleis tilboda kan integrerast med eksisterande tenester.
- Dato:
- 29. august 2023 12:00 - 14:00
- Sted:
- Digital konferanse med direktesending fra Aaraas gård i Nittedal
- Arrangør:
- Landbruksdirektoratet, Statsforvaltaren i Oslo og Viken
- Målgruppe:
- Kommuneansatte innan skule, helse- og omsorg, integrering og arbeidstrening. Godkjente Inn på tunet gardar.
Kontaktpersoner
Inn på Tunet
Inn på tunet er tilrettelagde og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tilbodet skal gje meistring, utvikling og trivsel. Gardsbruk er ein eigedom som blir nytta til jord-, skog- eller hagebruk. Aktivitetane i tenestilbodet er knytt til garden, livet og arbeidet der.
Statsforvaltaren har ansvar for å følgje opp den nasjonale satsinga på Inn på tunet. Det er Statsforvaltaren si landbruksavdeling som koordinerer arbeidet med Inn på tunet i Rogaland. Her kan kommunar, gardar og andre få informasjon om Inn på tunet og råd ved etablering og drift.
Hovudoppgåvene er:
- å gjere Inn på tunet betre kjent i kommunal og statleg sektor
- å auke kompetansen på kjøpar- og tilbydarsida gjennom utviklingsarbeid, informasjonsarbeid, kurs og andre aktivitetar