Seminar «Skog som klimavenleg verdiskapar»
- Dato:
- 25. mai 2023 09:30 - 18:00
- Sted:
- Kulturhuset på Sand
- Arrangør:
- Rogaland Skognæringsforum i samabeid med Statsforvaltaren i Rogaland, Rogaland fylkeskommune og Suldal kommune
Sett av torsdag 25. mai til seminar på Sand i Suldal. Då arrangerer Rogaland Skognæringsforum ope årsmøte med tilhøyrande seminardel i kulturhuset på Sand. Alle som er opptekne av skog er velkomne.
Søkjelyset blir sett på skogen sitt potensial både som energiberar, leverandør av miljøvenleg byggjemateriale og klimaarbeidar. Og ikkje minst skogen som grunnlag for lokal foredling og verdiskaping.
Program
Programmet er enno under utarbeiding, men mykje er alt på plass.
- Ole Hartvig Bakke, direktør i Skognæringa Kyst vil presentera den nye kystskogmeldinga sine satsingsområde. Skognæringa Kyst er etablert for at potensialet i skogbruket langs kysten skal bli realisert. Alle kystfylka frå Finnmark og Troms i nord til Agder i sør er med.
- Fagleder berekraft i SR-Bank og tidlegare klimasjef i Sandnes kommune, Arne Jørgensen, vil fortelja om Sandnes kommune si store satsing på biokol.
- Ordførar i Vindafjord, Johan Vierdal, vil snakka om kommunen sine gode erfaringar med bioenergi. Vindafjord har nyleg vedteke ytterlegare satsing på bioenergi i nye kommunale bygg.
- Karl Ludvig Ådland frå Statsforvaltaren i Rogaland følgjer opp med ei analyse av potensialet for flisbasert bioenergi i Rogaland.
Etter seminar-delen er deltakarane inviterte til Lunde i Suldalsosen. Her er det bygd ny ridehall, «Katedralen», på 1.300 kvadratmeter av kortreiste tømmerstokkar – rett frå skogen.
Seminaret er eit samarbeidsprosjekt mellom Suldal kommune, Rogaland skognæringsforum, Statsforvaltaren i Rogaland og Rogaland fylkeskommune.
Påmelding
Heile arrangementet, inkludert lunsj og niste på utferd til Suldalsosen er gratis. Meld deg på ved å fylle ut skjemaet .
- Dato:
- 25. mai 2023 09:30 - 18:00
- Sted:
- Kulturhuset på Sand
- Arrangør:
- Rogaland Skognæringsforum i samabeid med Statsforvaltaren i Rogaland, Rogaland fylkeskommune og Suldal kommune
Kontaktpersoner
-
Stein Bomo
Tlf: 51 56 89 72 -
Morten Svanes
Tlf: 51 56 89 74