Webinar om demensomsorg på gard

Dato:
25. april 2023 09:00 - 11:00
Sted:
Digitalt på Teams
Arrangør:
Statsforvalteren i Rogaland
Målgruppe:
Tilsette og folkevalde i kommunen, IPT tilbydere
Påmeldingsfrist:
23. april 2023 23:59
Lillehov gard har lang erfaring med dagstilbod for personer med demens. Foto: Grethe Bøhn Busterud

Få innblikk i korleis aktivitetstilbod på gard kan sjå ut!

Publisert 29.03.2023

Å levere gode tilbod innan demensomsorg er ei viktig oppgåve for kommunane og fleire kommunar tar no i bruk andre løysingar som eit supplement til kommunen sine dagaktivitetstilbod.

I webinaret vil vi blant anna få innblikk i korleis eit dagaktivitetstilbod på gard kan organisererast og viktige suksessfaktorar for å skape eit godt og meiningsfullt tilbod i nært samarbeid med kommune.

På Lillehov har dei hatt dagaktivitetstilbod for personar med demens sidan 2004 og i dag tar garden i mot deltakarar frå tre kommunar gjennom interkommunalt samarbeid. Statsforvaltaren i Rogaland vil informere om reforma "Leve hele livet" og overgang til ny satsing "Bo trygt heime".

IPT Norge SA vil orientere om eit samarbeidsprosjekt i Agder og Rogaland kor demensomsorg vil bli vektlagt for å stimulere til og legge forhold til rette for at fleire kommunar til å ta i bruk demensomsorg på gard.

Program

 

Velkommen og innleiing ved Åse Hodne Hørsdal, Statsforvaltaren i Rogaland, landbruksavdelinga

 

Reform Leve hele livet og overgang til ny satsing: Bo trygt heime.
Med auka tal eldre i samfunnet må fleire bo heime lengre. Avlastning for pårørande er en viktig satsing, ved Bjørg Odland, Statsforvaltaren i Rogaland, helseavdelinga

 

Inn på tunet som arena for menneske med demens på IPT garden Lillehov.
Ved Ingunn Sigstad Moen, sjukepleier og dagleg leiar Lillehov

 

Time kommunes perspektiv på samarbeid om dagaktivitetstilbod på gard. Bakgrunn for oppstart av demensomsorg på gard, hittil erfaringar, kostnad og nytte.
Ved Bente Dagmar Aaberg Lura og Rita Ueland, demenskoordinator og rådgjevar helse og velferd.

 

Orientering om prosjektsatsing og utvikling av IPT- tilbod for personar med demens i Norge ved Hege Lindstrøm og Ellen Ødegaard, dagleg leiar og regionansvarleg i IPT Norge SA

 

Deltakinga er gratis! Påmelding innan 23.april. Du vil få tilsendt ei lenke til webinaret dagen før. Sjekk også søppelpost viss du ikkje har fått lenka.

Dato:
25. april 2023 09:00 - 11:00
Sted:
Digitalt på Teams
Arrangør:
Statsforvalteren i Rogaland
Målgruppe:
Tilsette og folkevalde i kommunen, IPT tilbydere
Påmeldingsfrist:
23. april 2023 23:59

Kontaktpersoner