Temadag: Flaskehalsar for godstransport på offentlege vegar i Rogaland
- Dato:
- 28. oktober 2021 11:00 - 15:00
- Sted:
- Sand i Suldal. Kulturhuset, Løhaugen 1
- Arrangør:
- Kystskogbruket i samarbeid med Rogaland skognæringsforum, Statsforvaltaren i Rogaland og Rogaland fylkeskommune
- Målgruppe:
- Kommunal og fylkeskommune forvaltning, politikarar, næringsaktørar og næringsorganisasjonar med interesser i skogbruk eller transport av gods på veg
Transportøkonomisk institutt har vurdert den samfunnsøkonomiske nytta ved å betre vegstandarden på offentlege vegar for å fremma rasjonell og effektiv transport av tømmer og anna gods. Set av 28. oktober, då legges resultata fram!
På oppdrag frå Kystskogbruket har Transportøkonomisk Institutt (TØI) nyleg utarbeidd ein samfunnsøkonomisk nytteanalyse av å fjerne flaskehalsar for tømmertransport og anna godstransport på kommunale vegar i Vestland og Rogaland. Rapporten tek også med fylkesvegar med flaskehalsar som er kopla til dei aktuelle kommunevegane.
På omkring 60 prosent av kommunevegane i Rogaland er det ikkje tillate å bruke tilhengar i godstransporten i dag.
Statsforvaltaren har tidlegare skrive ei sak om rapporten. Du finn rapporten i sin heilskap som vedlegg i høgre marg.
Program for dagen
Under temadagen i Suldal blir resultata frå analysen presentert og det blir ein praktisk demonstrasjon som syner kor lite lass ein i praksis kan køyre lovleg på nedklassifiserte vegar. fleire transportørar vil delta og media vil vere til stades.
Tidspunkt |
Innlegg |
11.00 |
Velkommen v/ varaordfører i Suldal, Øyvind Lovra Tveitane.Presentasjon av resultat frå den samfunnsøkonomiske analysen v/ Kjetil Haukås, TØI.
|
|
Matøkt |
13.00 |
Demonstrasjon som syner kor lite ulike transportørar kan lesse lovleg.
|
15.00 |
Avslutning v/ Olaf Gjedrem, leiar i Rogaland Skognæringsforum. |
Påmelding i skjemaet under innan 22. oktober.
Vel møtt!
- Dato:
- 28. oktober 2021 11:00 - 15:00
- Sted:
- Sand i Suldal. Kulturhuset, Løhaugen 1
- Arrangør:
- Kystskogbruket i samarbeid med Rogaland skognæringsforum, Statsforvaltaren i Rogaland og Rogaland fylkeskommune
- Målgruppe:
- Kommunal og fylkeskommune forvaltning, politikarar, næringsaktørar og næringsorganisasjonar med interesser i skogbruk eller transport av gods på veg