Berekraftsveka: Korleis ivareta samspelet mellom klima og miljø i planer etter plan- og bygningsloven

Dato:
26. oktober 2021 09:30 - 11:00
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
Sakshandsamarar og andre i kommunane som jobbar innanfor planlegging og byggesaksbehandling etter plan- og bygningsloven

Å stoppe klimaendringane og ivareta miljø og verdas artar er to viktige målsettingar. Me ser nærare på korleis ein kan ta omsyn til både klima og miljø i planarbeid og arbeide mot begge måla utan at det går på bekostning av eit av dei.

Publisert 20.10.2021

Klimapolitikk, klimatilpassing, energiomstilling og naturforvalting heng saman. Me legg fram korleis ein kan handtere både klima- og miljøomsyn i planarbeid. Vestlandsforsking fortel hovudpunkta i sin nye rapport om "Samspeleffektar i lokal klima- og miljøpolitikk".

Webinaret er retta mot sakshandsamarar og andre i kommunane som jobbar innanfor planlegging og byggesaksbehandling etter plan- og bygningsloven. Webinaret vil og ver aktuelt for andre som bidreg inn mot kommunale planprosessar på fagområda klima, miljø og natur. 

Påmelding til webinaret via skjemaet nedst i artikkelen innan 25. oktober. 

Arrangementet er ein del av Berekraftsveka 2021 der målet er å bli betre kjent med FN sine berekraftsmål og våre tre strategiske satsingsområde; kommunestruktur, barn og unge, og klimaomstilling. 

Program

9.30 - 9.35: Velkommen

9.35 - 9.50: Handtering av klima og miljø - tiltak i plan v/Statsforvaltaren i Rogaland

9.50 - 10.05: Handtering av klima og miljø - naturens rolle v/Statsforvaltaren i Rogaland

10.05 - 10.10: Pause

10.10 - 10.40: Presentasjon av rapporten Samspelseffektar i lokal miljø- og klimapolitikk                                               v/Eivind Brendehaug, Vestlandsforskning

10.40 – 11.00: Oppsummering, korleis ivaretar me klima og miljø i planuttalar                                                                 v/Statsforvaltaren i Rogaland

 

Påmelding til webinar