Webinar om bioenergi til oppvarming på garden

Dato:
22. april 2021 19:00 - 20:30
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland og Bedriftsutvikling i Ytre Ryfylke
Målgruppe:
Bønder, forvaltninga eller andre med interesse for flisbasert oppvarming på gardsbruk

Er du nysgjerrig på å nytte bioenergi til varmeproduksjon på garden din? Då kan dette webinaret vere noko for deg.

Publisert 09.04.2021

Flisfyring er ei løysing som nyttar lokalt og kortreist trevirke og som kan konkurrere i lønnsemd med tradisjonelle fossile oppvarmingskjelder.

Kva energiforbruk og varmebehov har garden? Korleis kan flisfyring eller vedfyring passe inn som varmekjelde på garden? Med støtte frå Innovasjon Norge,
bruk av eige flisvirke frå garden eller ved, eige arbeid i byggeprosessen og i
drifta av anlegget vert kostnadene redusert.

Karl Ludvig Ådland frå CH4 Engineering AS vil snakke om tekniske løysingar, råstoff, investeringar og litt økonomi i gardsvarmeanlegg. Karl Ludvig Ådland har lang erfaring fra skog og landbruk med spisskompetanse innan biovirke. Han har også vore prosjektleiar for fleire industri- og fjernvarmeprosjekt med biofyrte varmeløysningar.

Gratis deltaking. Påmelding via dette skjemaet i løpet av 21. april.

Du får ein invitasjon til eit Teams-møte same dag som webinaret skal haldast. Sjå i søppelposten om du ikkje finn han andre stader.

Program

19.00 - 19.05 Velkommen 

Kari Sand, Bedriftsutvikling i Ytre Ryfylke

19.05 - 20.15 Gardsvarmeanlegg: Tekniske løysingar, råstoff, investering, økonomi Karl-Ludvig Ådland, CH4 Engeneering
20.15 - 20.30

Spørsmål og diskusjon

 
Dato:
22. april 2021 19:00 - 20:30
Sted:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland og Bedriftsutvikling i Ytre Ryfylke
Målgruppe:
Bønder, forvaltninga eller andre med interesse for flisbasert oppvarming på gardsbruk