Om å nytte heile potensialet på garden
- Dato:
- 11. mars 2021 12:00 - 13:30
- Sted:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland
- Målgruppe:
- Bønder, tilsette i kommunen, næringshagar, næringssjefar, rådgjevarar, og andre interesserte
I dette webinaret skal me snakke om kva som er mogleg å få til. Kanskje du får inspirasjon om å sjå din gard frå eit anna perspektiv, kanskje det blir den litle «dytten» du treng for å setje i gang?
"Kva er mogleg, går det an å lage ein arbeidsplass til på garden, har eg ein gründer i meg?", er fleire som spør seg sjølv. Velkommen til eit webinar som kan hjelpe deg et steg vidare i prosessen.
Webinar på Teams torsdag 11.mars kl 12-13:30
Program
- «Business på garden" ved landbruksdirektør Geir Skadberg
- Mangesysleri på Øvregård ved Anita Øvregård
Anita driv gard på Imsland i Vindafjord og har mange jern i elden. Ved sida av mjølkeproduksjonen, har ho tilbod for personar med demens, bakar flatbrød og har no klekka ut fleire idear.
Påmelding innan 09.mars 2021 i skjemaet under. Du kjem til å få ein e-post i forkant av møtet med lenke til webinaret. Påmelding er no stengt. Ta kontakt med kontaktpersonen om du har spørsmål knytt til påmelding.
Tips: Du kan følgje møtet på båe datamaskin eller smartphone og treng ikkje å ha installert Teams.
- Dato:
- 11. mars 2021 12:00 - 13:30
- Sted:
- Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland
- Målgruppe:
- Bønder, tilsette i kommunen, næringshagar, næringssjefar, rådgjevarar, og andre interesserte