Ungdom er engasjert i nærmiljøet sitt

Engasjerte ungdommar frå åtte kommunar var i går samla på framtidsverkstad i Sandnes. Oppgåva var å drøfta kva som er viktig for nærmiljøet i dag og i framtida. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.05.2015

Dei 35 ungdommane frå Klepp, Time, Hå, Gjesdal, Sandnes, Sola, Randaberg og Stavanger var samla på Vitenfabrikken i Sandnes som eit ledd i arbeid med kommunereforma. Hovudtemaet var kva som er viktig der du bur - i dag og i framtida. Det kom fram mange gode synspunkt, og oppsummeringa frå gruppearbeida blei overlevert til dei åtte ordførarane i kommunane. Gode fritidstilbod til ungdom, og godt utbygd kollektivtransport, er døme på tema som gjekk igjen i gruppene, men innspela hadde stor breidde.

Artikkelen held fram under biletet.

Kva kjenneteiknar staden me bur?

Kva bør kjenneteikna staden me bur?

Involvering viktig

Informasjon og involvering er ein viktig del av arbeidet med kommunereforma, og ungdom er her ei særs viktig målgruppe. Arrangementet i Sandnes er eit godt døme på korleis kommunane kan involvera ungdommane i prosessen.

Ungdommane arbeidde i grupper leverte innspela sine til ordførarane.

Ungdommane arbeidde i grupper og leverte innspela sine til ordførarane.

For meir informasjon viser me til nettstaden MinNyekommune.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner

Lenker