Samlar alle kommunane til stormøte
17. mars er alle kommunane i Rogaland inviterte til såkalla prosessamling i samband med kommunereforma. Involvering av både tilsette og innbyggjarar blir viktige tema.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
2015 er eit avgjerande år i arbeidet med kommunereforma. Kommunane skal leggja grunnlaget for vedtaka sine om framtidig kommunestruktur. Derfor er alle inviterte til ei samling der erfaringar, tips og nyttig informasjon kan delast.
Erfaringane frå Re
Re i Vestfold blei oppretta i 2002 etter ei samanslåing av kommunane Våle og Ramnes. Kommunen har i dag vel 9.100 innbyggjarar. Ordførar og rådmann i Re skal gi oss råd og tips til ein god prosess med brei involvering på denne samlinga.
– Prosessamlingane blir viktige og inspirerande, men me har også etablert ei ressursgruppe som blir nyttig i det vidare arbeidet, seier prosessrettleiar Anfinn Rosnes.
Fleire samlingar på planen
Prosessamlinga 17. mars er den første i sitt slag i Rogaland. Men det blir fleire stormøte i 2015. Alt 29. april er kultur og identitet tema. Det skjer på Vågen videregående skole i Sandnes. Det blir også ei storsamling til hausten, men der er ikkje datoen fastsett ennå. Me kjem tilbake med meir informasjon om begge desse møta når det er klart.
Lenke til program og påmelding til prosessamlinga i Stavanger 17. mars, finn du i høgremargen.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13