Nyttig møte i regional ressursgruppe
Det første møtet i den regionale ressursgruppa for kommunereforma blei arrangert 20. januar på Statens Hus. Informasjonsutveksling og faglege råd er rettesnora framover.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Oppmøtet var godt og det blei gode drøftingar rundt rolla til gruppa. Informasjonsutveksling og faglege råd til fylkesmannen og KS i arbeidet med kommunereforma, blir heilt sentralt går det fram av mandatet.
Møtet blei leia av fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa, og hadde følgjande saksliste:
- Informasjon frå fylkesmannen om status i reformarbeidet
- Mandat
- Status om arbeid i dei ulike regionane
- Prosess-samling 17. mars 2015
- Open post
Prosess-samlinga 17. mars 2015 på Radisson Blu Atlantic Hotel i Stavanger blir eit viktig treffpunkt i arbeidet med kommunereforma. Både politisk og administrativ leiing i kommunane er hovudmålgruppa.
Program og påmeldingssystem blir lagt ut på Fylkesmannen si heimeside.
Referat frå møtet i ressursgruppa finn du i høgremargen.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13