Nytt viktig steg i retning nye Jæren kommune
I går var det siste arbeidsmøtet om innhaldet i intensjonsavtalen, eit viktig grunnlagsdokument for danning av nye Jæren kommune. Fylkesmannen vil igjen rosa arbeidet som er lagt ned i dei tre kommunane, som er i tråd med tilrådinga frå sentralt hald.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Møtet i går drøfta dei siste detaljane i intensjonsavtalen. Avtalen skal leggjast fram på eit fellesmøte for formannskap og gruppeleiarar 13. januar, og planen er deretter å signera avtalen 21. januar.
Gunstig økonomisk grep
Dersom prosessen skulle resultera i at Hå, Time og Klepp blir til ein ny kommune, vil det utløysa 40 millionar til dekking av eingongskostnadar og 30 millionar i reformstøtte. Det som truleg vil vera endå viktigare for kommuneøkonomien, er inndelingstilskotet som sikrar at den nye kommunen 15 år fram i tid får behalda alle tilskott i inntektssystemet slik som det er for 2016, og deretter med ei nedtrapping over fem år.
Det er nå på høyring eit nytt inntektsstsystem for kommunane, som både er ei oppdatering og ei omlegging. Eit viktig føremål med omlegginga er at kommunar som slår seg saman ikkje skal tapa økonomisk på lenger sikt, m.a. gjeld dette basistilskottet.
Informasjon viktig i den vidare prosess mot endeleg vedtak
Fylkesmannen vil også ved dette høvet gi ros til kommunane Hå, Time og Klepp, denne gongen for at prosessen har ført fram til konkretisering av ein intensjonsavtale. Men også for at det er konkrete planar for innbyggarinvolvering. Informasjonsarbeid i prosessen fram mot folkeavrøysting 25. april blir særs viktig.
Framdriftsplanen skal nå halda slik at kommunane får til eit tilstrekkeleg grunnlag for avgjerd innan fristen 1. juli 2016.
Eksempel til nytte for andre kommunar
Det er vår vurdering at andre kommunar kan ha god nytte av å sjå på det arbeidet som her er gjort i sitt vidare arbeid fram til avgjerd.
Du finn meir informasjon om prosessen på MinNye.kommune.no
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13