Nytt steg i retning Jæren kommune
Torsdag 21. januar var det møte i styringsgruppa for siste finpuss av intensjonsavtalen for nye Jæren kommune. Deretter blei avtalen signert. Fylkesmannen var til stades og gav ros til den gode dialogen mellom dei tre kommunane. Eit godt eksempel for andre kommunar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Etter møtet var det eit arrangement der intensjonsavtalen blei signert. Assisterande fylkesmann Harald Thune var til stades og gav ros til det arbeidet som har ført fram til denne avtalen, og sa samstundes at nye Jæren kommune vil vere ei god løysing for å møte framtida.
Avtalen gir grunnlag for folkeavrøystinga 25. april. Godt informasjonsarbeid i prosessen fram mot denne datoen blir særs viktig.
Eksempel til nytte for andre kommunar
Vi vil også ved dette høvet framheve at andre kommunar kan ha god nytte av å sjå på det arbeidet som er gjort på Jæren i det vidare arbeidet fram mot avgjerd.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13