Kleppa klar for ny kommuneturné
Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa er turnéklar. Me har fått mange nye folkevalde etter kommune- og fylkestingsvalet, og nå vil fylkesmannen bli betre kjend med dei.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
– Den førre turneen vår i 2014 var både kjekk, nyttig og inspirerande. Nå er det mange nyvalde, så då er det på tide å dra på besøk igjen, meiner fylkesmannen.
Vil gjerne vita når det passar
Kleppa og leiargruppa i embetet vil gjerne møta både ordførar, formannskapsmedlemmer, rådmann og kommunale leiarar. KS driv eiga opplæring av folkevalde, så det er sjølvsagt ikkje meininga å erstatta denne. Dette er eit supplement. For Fylkesmannen i Rogaland er det nyttig og viktig å orientera seg om det som rører seg i kommunane. Samtidig er det sentralt å få orientert om kva forventningar me har, på vegne av regjering og storting. Då er arbeidet med kommunereforma eit opplagt tema.
Fylkesmannen har bede kommunane om ei tilbakemelding på aktuelle tidspunkt for besøk innan 1. november. Deretter blir reiseruta lagt opp, fortel Kleppa.
Må kjenna kvarandre
– Det er svært mange nye folkevalde etter dette valet. Og mange nye ordførarar. Det er avgjerande at me blir fort kjende med kvarandre slik at me sikrar ein god start på eit viktig samarbeid, påpeiker Kleppa.
Du finn brevet som er send kommunane i høgremargen.