Kva blir forventa av kommunane?

Mange lokale og regionale prosessar er sette i gang i arbeidet med kommunereforma i Rogaland. Fylkesmannen ber om tilbakemelding om status i arbeidet innan 1. mars 2015.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 27.11.2014

Fylkesmannen og KS har fått koordineringsansvaret, derfor er det nå sendt ut eit brev til alle kommunane i Rogaland med informasjon om organisering og gjennomføring. Me ber også om tilbakemelding om status i den enkelte kommune innan 1. mars 2015. Me tek dessutan initiativ til å etablera ei ressursgruppe for kommunereforma i Rogaland.

Inntil 100.000 kroner

I brevet er det opplyst at me er innstilte på at den enkelte kommune, etter tilbakemelding om status, kan få tildelt inntil 100.000 kroner frå skjønsmidlane til det vidare arbeidet. Me arrangerer også ei såkalla prosess-samling for alle kommunar den 17. mars 2015.

Brevet til kommunane finn du i høgremargen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner

Dokumenter