Kulturen i kommunereforma
Nå er programmet klart og det er bare å melda seg på. Onsdag 29. april arrangerer Fylkesmannen i Rogaland og Rogaland fylkeskommune, i samarbeid med NOKU Rogaland, ein seminardag for å diskutera kulturen i kommunereforma.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kva rolle skal kulturlivet ha i prosessen rundt kommunereforma? Skal ein byggja felles identitet i dei nye kommunane? Kan kommunereforma vera med og styrkja kulturlivet? Kva møteplassar og arenaer treng ein i vidstrekte kommunar? Korleis byggjer ein felles organisasjonskultur i kulturorganisasjonar?
"Å forma biblioteket for eit nytt hundreår"
Det er tittelen på foredraget til nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre. Men han er langt ifrå den einaste som kjem. Her er lista over foredragshaldarane:
- Aslak Sira Myhre, nasjonalbibliotekar
- Janne Johnsen, fylkesordførar i Rogaland
- Magnhild Meltveit Kleppa, fylkesmann i Rogaland
- Hilde Gunn Bjelde, styreleiar i KS Rogaland
- Rolf Norås, kultursjef i Stavanger
- John Arve Hveding, kultursjef i Karmøy
- Ulf Ludvigsen, kultursjef i Klepp
- Astrid Apalset Vassbø, kultursjef i Bjerkreim
- Målfrid Snørteland, direktør Jærmuseet
- Guri-Mette Vestly, konst. forskningssjef NIBR
- Erik Fossåskaret, førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger
Seminaret er gratis. Heile programmet og påmeldingsskjema finn du her. Lenke også i høgremargen.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13 -
John Gunnar Skien
Tlf: 51 56 88 30 / 90 99 81 44