KOMMUNEREFORMA: Kompensasjon til dei som blir ufrivillig åleine
Eigersund, Time, Gjesdal, Strand og Tysvær får om lag 10 millionar kroner totalt i kompensasjon.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I kommunereforma er det på landsbasis fatta vedtak om samanslåing av 121 kommunar til 47 nye kommunar. Nokre kommunar prøvde å slå seg saman, men fekk nei frå naboane. Desse får nå ein kompensasjon for endringar i inntektssystemet.
10 millionar til fem rogalandskommunar
23 kommunar i landet er definerte som "ufrivillig åleine" og får rundt 36 millionar kroner. Pengane er meint å kompensera noko for det dei tapte på endringane i basistilskotet og småkommunetillegget frå 2016 til 2017. I Rogaland er det fem kommunar som har oppfylt kriteria. Vurderingane er gjort av Kommunal- og moderniseringsdepartementet i samarbeid med fylkesmannsembeta. Slik ser fordelinga i Rogaland ut:
Kommune | Kompensasjon 2017 |
Eigersund | 1 948 000 |
Time | 2 624 000 |
Gjesdal | 2 204 000 |
Strand | 2 404 000 |
Tysvær | 827 000 |
Totalt | 10 007 000 |
Meir informasjon
Du finn heile oversikta for resten av landet på nettsida til departementet.