Folk i Vindafjord opne for ny kommunestruktur?
Nå er den ferske innbyggjarundersøkinga frå Vindafjord og Etne klar. Undersøkinga viser at mange i Vindafjord er opne for ei endring av kommunestrukturen.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fylkesmannen har i dialog med Vindafjord kommune rådd til å høyra folk, derfor er det positivt at det nå ligg føre ei grundig spørjeundersøking.
Etne peikar seg ut som prioritert alternativ
Innbyggjarundersøkinga gir fleire gode innspel til det vidare arbeidet med kommunereforma i Vindafjord. Også i Vindafjord kjem det tydeleg fram at folk er mest opptekne av nærleiken til basistenester som skule og helse, og at avstanden til rådhuset er mindre viktig.
Undersøkinga gir etter vår vurdering grunnlag for at Vindafjord bør ta vidare initiativ til samtalar med nabokommunar. Onsdag 11. mai skal formannskapet i Vindafjord ta stilling til den vidare prosessen med kommunereforma, der innstillinga frå rådmannen er at kommunen går i vidare dialog med Etne.
Kort tid fram til endeleg vedtak innan 1. juli
Me legg til grunn at arbeidet med kommunereforma nå blir prioritert slik at kommunestyret i Vindafjord får eit godt grunnlag for avgjerd innan fristen 1. juli 2016.
Du finn innbyggjarundersøkinga i høgremargen.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13