Evaluering av friviljuge kommunesamanslåingar
Samanslåinga av Vindafjord og Ølen til ein kommune frå 1.1.2006 har hatt positive effektar, skreiv Telemarksforsking i ein rapport om fire friviljuge samanslåingar i perioden 2005-2008.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Telemarksforsking skreiv i 2009 på oppdrag frå KRD ein rapport om fire friviljuge kommunesamanslåingar i landet i perioden 2005-2008, m.a. ”nye Vindafjord” av dei gamle kommunane Ølen og Vindafjord. Samla sett synest fordelene ved samanslåingane å vera større enn ulempene, skreiv Telemarksforsking. Kommunane er blitt meir robuste og handlekraftige når det gjeld å møta framtidige utfordringar.
Den nye kommunen Vindafjord brukar mindre på administrasjon og tilsvarande meir på tenesteyting. Ein skriv vidare:
”Det samlede inntrykket er at man gjennom sammenslutningen av Ølen og Vindafjord har fått en kommune som er i stand til å håndtere rollen som samfunnsutvikler på en bedre måte. Det er foreløpig et stykke igjen før Vindafjord kan karakteriseres som en vekstkommune befolkningsmessig, men en del av de tiltak og resultater man har sett, og oppgaver som man arbeider med, gir grunnlag for å forvente en positiv utvikling i et mer langsiktig perspektiv”.