Sokndal kommune får 5,8 millionar kroner til flaumsikring
Dersom Sokndal kommune blir ramma av ein 200-årsflaum, blir store delar av sentrum ståande under vatn. Derfor har Statsforvaltaren i Rogaland i dag løyva 5,8 millionar kroner til det vidare arbeidet med å flaumsikra Sokna-elva.
Pengane kan brukast over fleire år og skal gi kommunen høve til å jobba vidare med utgreiing, planlegging og anna nødvendig arbeid for å sikra framdrift i prosjektet. Gjennom denne tildelinga får kommunen i tillegg høve til å leiga inn ekstern kompetanse.
Kostbart tiltak
Sokndal er ein flaumutsett kommune. Ein storflaum kan få dramatiske konsekvensar, men arbeidet med ein ønska flaumtunnel er kostbart.
– Kommunen kan ikkje løysa dette åleine. Det trengst statleg hjelp, seier statsforvaltar Bent Høie. – Ein flaumtunnel til Jøssingfjorden kjem på fleire hundre millionar kroner. Når me løyver 5,8 millionar kroner sikrar det i første omgang pengar til å jobba vidare med ei nødvendig løysing.
Ekstraløyving også til Lund kommune
I tråd med statlege føringar har Statsforvaltaren i Rogaland i 2022 halde tilbake delar av skjønsramma til fordeling gjennom året. Desse pengane skal gå til kommunar som opplever uventa hendingar, som til dømes naturskade. I tillegg til dei 5,8 millionane til flaumsikringsarbeid, får Sokndal derfor 400 000 kroner i ekstraløyving etter øydeleggingane som følgje av den kraftige nedbøren 26. august i år.
Også Lund kommune blei ramma kraftig av styrtregnet denne augustdagen. Kommunen får tildelt 1,1 millionar kroner på grunn av dei ekstraordinære kostnadene med rydding og reparasjon av kommunal infrastruktur.