Kommunar med meir avgrensa økonomisk handlingsrom har starta omstillinga

Bilete frå kommunane Kvitsøy, Randaberg, Utsira og Strand som alle i større grad har prioritert helse og omsorg samanlikna med grunnskole og barnehage i åra 2020 - 2023. Foto; Kristine Enger

Sjølv om økonomien er god for dei fleste av kommunane i Rogaland, er omstillingskrava store. Kommunane står overfor store demografiske endringar dei neste tiåra. Det betyr at mange kommunar i større grad må prioritere ressursar til tenester spesielt innan helse og omsorg. Andre sektorar, som til dømes oppvekstsektoren, kan ikkje vokse like mykje som tidlegare. Vi ser på om nokre av KOSTRA tala frå dei siste tre åra kan gi ein peikepinn om rogalandskommunane har starta med å tilpasse seg demografiendringane.

Publisert 01.07.2024

Endra prioriteringar er naudsynt

I 2030 vil det ifølge dei siste befolkningsprognosane til Statistisk sentralbyrå (SSB) for første gang vere fleire eldre (67 og eldre) enn barn (17 og yngre) her i landet. Tal eldre vil stige med 30 prosent dei neste 10 åra, mens talet på barn og unge vil falle.

Befolkningsprognosane frå SSB syner ein nedgang i befolkningsveksten på landsbasis som følge av lågare fruktbarheit og reduksjon i netto innvandring fram mot 2030. Samtidig syner prognosane ei markert auke i forholdet mellom talet eldre og befolkninga i yrkesaktiv alder. Sjå SSB artikkelen «Vi blir flere, men også mye eldre» .  

Som følge av høgare levealder berekna regjeringa at det i 2060 berre ville stå to personar i yrkesaktiv alder 20–66 år bak kvar person i pensjonsalder 67 år og eldre, mot fire yrkesaktive i dag (Stortingsproposisjon 1 S (2023-2024), punkt 3.1, fjerde avsnitt).

Grafen under syner Agenda Kaupangs berekna indekserte behov mellom dei største sektorane i kommunen basert på praksis i dag og SSBs befolkningsframskriving. Fram til 2050 vil behovet for pleie og omsorg vere meir enn dobla, mens behovet for grunnskole og andre oppvekstsektorar vil falle spesielt mot 2030. Vi ser og av grafen at behovet for pleie og omsorgstenester allereie har begynt å stige kraftig.

imagekkgog.png

Kjelde: Kommuneindeksen 2023, Agenda Kaupang

Det betyr at kommunane må bruke ein større del av dei samla ressursane til helse og omsorg og mindre til barnehage, grunnskole og andre oppvekstområde. Konsekvensane av ei slik omstilling vil vere merkbar og det kan derfor vere krevjande for politiske og administrative leiarar å få forståing for naudsynte prioriteringar, både blant innbyggarane i kommunen og blant dei tilsette. KOSTRA-tal frå dei siste tre åra tyder likevel på at politikarane og leiarane i nokon av kommunane har kome i gang med omstillinga.

Løyvingane til helse og omsorg aukar

Oppdaterte tal frå KOSTRA syner at løyvingane til helse og omsorg i kommunane i Rogaland i snitt har auka betydeleg meir enn løyvingane til grunnskole og barnehage samla sett gjennom dei siste tre åra, sjå tabell under som syner gjennomsnittleg årleg endring i løyving i prosent og differansen på endringa mellom sektorane i prosentpoeng.

Rogalandskommunane auka løyvingane for helse og omsorg med 10,52 prosent gjennomsnittleg per år, mens dei berre steig med 7,49 prosent gjennomsnittleg per år samla for grunnskole og barnehage.

Gjennomsnittleg* årleg prosentvis endring i løyvingar 2020-2023 
Kommune Helse- og omsorg Grunnskole og barnehage Differanse
Kvitsøy 17,07 % 7,48 % 9,59 %
Randaberg 11,34 % 3,59 % 7,75 %
Gjesdal 15,76 % 8,52 % 7,24 %
Utsira 10,22 % 4,08 % 6,14 %
Lund 12,09 % 5,99 % 6,10 %
Strand 13,48 % 7,61 % 5,87 %
Bjerkreim 12,95 % 8,77 % 4,18 %
Sola 12,02 % 8,01 % 4,01 %
Karmøy 11,92 % 7,98 % 3,94 %
Time 11,10 % 7,83 % 3,27 %
Sandnes 10,96 % 7,83 % 3,13 %
Eigersund 9,80 % 6,74 % 3,06 %
Hjelmeland 9,30 % 6,73 % 2,57 %
10,70 % 8,22 % 2,48 %
Sokndal 9,32 % 7,04 % 2,28 %
Stavanger 9,94 % 7,77 % 2,17 %
Sauda 7,53 % 6,59 % 0,94 %
Haugesund 8,30 % 7,60 % 0,70 %
Vindafjord 7,50 % 7,04 % 0,46 %
Klepp 9,27 % 8,99 % 0,28 %
Bokn 9,95 % 11,00 % -1,05 %
Tysvær 5,79 % 7,19 % -1,40 %
Suldal 5,76 % 9,61 % -3,85 %
Gjennomsnitt 10,52 % 7,49 % 3,04 %

* Gjennomsnittleg årlig prosentvis endring er berekna geometrisk.

Kjelde: KOSTRA tal 2020-2023 (grunndata frå KOSTRA tabell nr. 12362), Statsforvaltaren i Rogaland

For dei kommunane som har ei klart større auke i prosentpoeng i løyvingane for helse og omsorg, er meir ressursar relativt sett prioritert til helse og omsorg. Desse kommunane kan vi dermed sjå ut frå tala at har starta å ta høgde for det auka behovet for tenester som er illustrert i grafen frå Agenda Kaupang.

Det kan vere gode grunnar til at enkeltkommunar ikkje har ei større auke i løyvingane for helse og omsorg enn for grunnskole og barnehage samla sett. Det kan mellom anna vere fordi dei foreløpig ikkje har så store endringar i demografien, eller fordi dei har ei så god økonomi at dei kan prioritere andre sektorar like høgt eller høgare.

Ein interessant observasjon er at nokre av dei kommunane som har et meir avgrensa økonomisk handlingsrom, som til dømes Randaberg, Strand, Lund og Gjesdal, også har ein mykje lågare vekst på grunnskule og barnehage enn på helse og omsorg samanlikna med dei fleste andre av kommunane i Rogaland. Medan nokre av dei kommunane som har eit stort økonomisk handlingsrom, som Suldal, Klepp og Tysvær, ikkje kan vise til det same. Dette kan tyde på at dei kommunane som har eit meir avgrensa økonomisk handlingsrom, har kome først i gang med ei omfordeling av ressursar mellom sektorane i tråd med befolkningsendringane.


Sjå artikkel om KOSTRA-tal for 2023
Endelege reviderte KOSTRA-tal for 2023 blei publiserte av SSB 17. juni 2024. Vi skreiv ei nyheitssak til dei foreløpige KOSTRA-tala for kommuneøkonomien i Rogaland. Tala blei ikkje vesentleg endra når dei vert endelege. Nyheitssaka les du her. Saka konkluderte med at kommunane i Rogaland foreløpig klarer seg godt og mykje betre enn mange andre kommunar i Noreg.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.