Fordeling av ekstra skjønnstilskot til smittevern og TISK-oppfølging
I slutten av oktober 2020 kunngjorde Fylkesmannen ekstra skjønnstilskot til smittevern og TISK-oppfølging ved store virusutbrot. Vi har no fordelt ut til kommunane i Rogaland 33,3 mill. kroner til smittevern og 35,0 mill. kroner til TISK-oppfølging.
Skjønntilskota er fordelt til kommunane i Rogaland slik det kjem fram av tabellen under:
Kommunenr |
Kommunenavn |
Smittevern |
TISK |
1101 |
Eigersund |
4 000 000 |
- |
1103 |
Stavanger |
- |
20 000 000 |
1106 |
Haugesund |
5 000 000 |
2 000 000 |
1108 |
Sandnes |
3 900 000 |
9 100 000 |
1111 |
Sokndal |
- |
- |
1112 |
Lund |
- |
- |
1114 |
Bjerkreim |
- |
- |
1119 |
Hå |
- |
- |
1120 |
Klepp |
- |
- |
1121 |
Time |
3 000 000 |
- |
1122 |
Gjesdal |
2 000 000 |
500 000 |
1124 |
Sola |
5 600 000 |
- |
1127 |
Randaberg |
1 600 000 |
- |
1130 |
Strand |
3 000 000 |
- |
1133 |
Hjelmeland |
- |
- |
1134 |
Suldal |
- |
- |
1135 |
Sauda |
2 000 000 |
- |
1144 |
Kvitsøy |
200 000 |
- |
1145 |
Bokn |
- |
- |
1146 |
Tysvær |
3 000 000 |
- |
1149 |
Karmøy |
- |
3 400 000 |
1151 |
Utsira |
- |
- |
1160 |
Vindafjord |
- |
- |
Sum Rogaland |
33 300 000 |
35 000 000 |
Kommunar som per 1. november 2020 er fullt ut kompenserte har ikkje fått ekstra tilskot til smittevern no. Skjønnstilskotet til oppfølging av TISK-strategien er berre fordelt til kommunar som har dokumentert kostnader knytt til oppfølging av større virusutbrot.
Rogaland Brann og Redning IKS har levert søknad om skjønnstilskot til smittevern gjennom
vertskommunen sin Sandnes. Vi har i fordelinga av skjønnstilskot til Sandnes kommune tatt omsyn til IKS-et sine direkte smittevernkostnader. Sandnes kommune skal sjølv vurdera kor stort beløp som skal fordelast vidare til Rogaland Brann og Redning IKS.
Kommunar som har fått fordelt tilskot til smittevern skal levera ein rapport på bruken av midla. Rapporten skal vere enkel, og gi informasjon om korleis tilskotet er nytta i kommunen og kva tenesteområde det er fordelt på. Rapporten sendast til fmropost@fylkesmannen.no med frist 15. januar 2021.
Enda ei utlysing av ekstra skjønnstilskot til smittevern
Det har vore fleire runder med utlysing og fordeling av ekstra skjønnstilskot til kommunane som følgje av koronautbrotet i 2020. Det kjem ei aller siste runde for 2020.
I forslag til nysaldert budsjett for 2020 fordeler Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) 41 mill. kroner til Rogaland. Fordelinga tar atterhald om Stortinget si behandling av Prop. 48 S i desember. Midla skal gå til dei kommunane med dei høgaste utgiftene per innbyggar relatert til smittevern og oppfølging av TISK-strategien.
Kommunar i Rogaland som har meirkostnader knytt til smittevern og TISK-oppfølging, og som bereknar at dei ikkje vil vere fullt ut kompenserte ved utgangen av 2020, kan søkje om ekstra skjønnstilskot. Fristen for å søkje er 7. desember 2020 kl. 12. For meir informasjon sjå lenke til utlysing.
Kontaktpersoner
-
Kristine Enger
Tlf: 51 56 88 28 / 95 78 56 87