Endringar i eigedomsskattelova – kompensasjon for retaksering og kompensasjon for inntektstap

Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2018 fatta Stortinget vedtak om å frita produksjonsutstyr og installasjonar for eigedomsskatt frå og med 2019.

Publisert 23.11.2018

Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2018 fatta Stortinget vedtak om å frita produksjonsutstyr og installasjonar for eigedomsskatt frå og med 2019.

Vedtaket inneber at kommunane må retaksera dei eigedomane som blir påverka av lovendringa. Dette gjeld mellom anna kraftkrevjande industri, raffineri og dataanlegg i store datasenter.

Stortinget vedtok ein auke på kap. 571 post 64 på 72,5 mill. kroner i 2018 for å kompensera kommunane for kostnadane ved retakseringa. Rogaland har fått 4,5 mill. kroner av denne ramma. Fordelinga går fram nedanfor.

Stortinget har vidare vedtatt at kommunane skal få tilnærma full kompensasjon for bortfall av inntekter frå eigedomsskatt på produksjonsutstyr og  installasjonar. Kompensasjonen er avgrensa  oppover til 500 mill. kroner. Som følgje av at lovendringa blir fasa inn over sju år, svarar kompensasjonen for 2019 til 1/7 av maksimal kompensasjon på 500 mill. kr. I 2019 blir det dermed sett av 71 mill. kroner innanfor skjønstilskotet.  Utslaga kan først dokumenterast etter nytaksering og midla vil derfor bli fordelt i løpet av 2019. Saka vil bli omtalt i RNB 2019. Vi minner om at kommunane må  retaksera dei aktuelle skatteobjekta før fristen for å skriva ut eigedomsskatten for 2019 går ut 1. mars neste år. (Jf. side 176 i Prop. 1 S for KMD.)

Kompensasjonen for retaksering er  fordelt slik:

Kommune

 

1000 kr

1101

Eigersund

100

1103

Stavanger

300

1106

Haugesund

200

1111

Sokndal

150

1112

Lund

50

1114

Bjerkreim

150

1122

Gjesdal

200

1127

Randaberg

150

1129

Forsand

50

1130

Strand

150

1133

Hjelmeland

150

1134

Suldal

800

1135

Sauda

300

1141

Finnøy

50

1142

Rennesøy

50

1144

Kvitsøy

150

1145

Bokn

100

1146

Tysvær

700

1149

Karmøy

550

1151

Utsira

50

1160

Vindafjord

100

   

4500

 

 

 

Midla blei overført gjennom rammeoverføringa 21.12.2018, kap. 571, post 64, kol. 10 (Herav kompensasjon for retaksering av produksjonsutstyr og installasjoner), jf. reknearket på KMD nettsider for termin 11. Dvs. at beløpet er ein del av ei samla terminutbetaling, slik det er elles når det gjeld rammetilskotet. Merk at departementet har auka utbetalingane litt i høve til beløpa ovanfor, pga. ledige midlar.

Regjeringa har foreslått å redusera maksimal eigedomsskattesats for bustad- og fritidseiendom frå 7 til 5 promille med verknad frå og med 2020. Vidare er føreslått at  eigedomsskatte-grunnlaget ikkje skal kunna overstiga 70 prosent av marknadsverdien.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.