Svak skatteinngang i 2014

Skatteinntektene auka mindre i fjor enn året før. Kommunane i Rogaland hadde også i fjor større vekst enn landet. Nivået pr. innbyggjar ligg framleis godt over landet, men gjekk litt ned i 2014

Publisert 19.02.2015

Tal for skatteinngangen i kommunane i 2014 ligg nå føre. For kommunane i fylket var det ein vekst i skatteinntektene på 2,1 % i fjor, mot 1,9 % for landet. Dette er ein del mindre enn det var rekna med ved starten av budsjettåret. Det er også ein god del mindre enn dei to føregåande åra. Frå Finansdepartementet har det vore operert med desse vekstoverslaga for 2014 (i høve til inngangen i 2013):

Statsbud.2014 okt. 2013

RNB 2014     mai 2014

Statsbud.2015    okt. 2014

 Faktisk 2014

3,8 %*

3,0 %

2,4 %

1,9 %

*) 3,3 % i høve til overslag for 2013

Best utvikling i 2014 hadde Eigersund og Sola, svakast hadde Vindafjord, Utsira og Sauda. Ofte vil sterk vekst eitt år følgjast av svakare vekst det neste, noko som ofte har meir avrekningstekniske forklaringar enn realøkonomiske.

 

Vekst i 2014 %

Vekst i 2013 %

Vekst i 2012 %

Vekst i 2011 %

Vekst i 2010 %

Vekst i 2009 i %

Skattenivå 2014 i % av landet (100)

Eigersund  

8,8

13,9

3,4

-5,2

4,6

8,4

108,9

Sandnes

4,3

10,2

9,2

-3,4

7,8

8,1

116,4

Stavanger 

0,5

6,7

8,7

0,2

10,8

1,6

144,8

Haugesund

0,1

8,8

8,4

-2,7

1,8

5,1

99,7

Sokndal

-0,4

9,0

7,5

-3,6

7,3

2,2

89,6

Lund

3,0

5,7

8,5

-10,4

10,7

1,4

82,0

Bjerkreim

1,0

8,3

12,2

-3,4

1,2

9,4

90,3

Hå            

4,4

7,3

11,6

-4,7

4,3

9,0

93,0

Klepp

3,4

11,8

7,0

-0,6

7,4

6,5

105,2

Time   

2,7

11,9

8,3

-2,0

6,5

8,8

105,8

Gjesdal

4,0

8,0

9,8

-2,6

8,1

6,2

98,7

Sola

5,3

11,7

6,4

2,3

5,5

2,7

141,4

Randaberg

4,6

11,4

8,5

-0,9

5,3

0,2

128,6

Forsand

3,9

3,1

7,8

-4,9

2,1

4,7

148,3

Strand   

3,3

10,0

7,7

-3,7

7,1

5,9

96,1

Hjelmeland

-0,3

2,5

7,0

-2,3

1,6

6,3

123,0

Suldal

-0,6

-0,2

3,8

-0,4

0,1

1,2

131,7

Sauda

-1,2

25,5

-4,2

-6,1

6,0

2,8

105,9

Finnøy

2,4

10,0

11,4

5,9

6,0

11,7

102,9

Rennesøy

3,0

9,9

11,0

3,1

12,6

-1,3

112,1

Kvitsøy

-0,3

9,1

2,7

1,0

3,5

4,8

89,0

Bokn

2,8

4,8

12,5

1,3

2,3

3,9

90,1

Tysvær

2,9

5,4

7,3

0,9

4,5

10,7

91,7

Karmøy

3,4

7,5

5,1

-6,2

8,7

4,4

90,4

Utsira

-2,0

-1,5

2,7

-2,7

28,1

-3,6

97,0

Vindafjord 

-13,1

17,2

8,4

0,7

3,8

12,3

99,4

Rogaland

2,1

8,8

8,0

-1,6

7,7

4,6

117,9

Landet

1,9

5,7

6,8

-3,2

6,7

5,9

100,0

Rog. u. Stvgr.

3,0

9,9

7,7

-2,6

6,1

6,2

107,2

 Nedgangen i 2011 har samanheng med at det kommunale skattøyret blei redusert.

 Nivået for fylket når det gjeld skatteinntekt (inkl. selskapsskatt t.o.m. 2008) pr. innbyggjar viser følgjande utvikling: (% av landet)

2014

2013

2012

2011

2010

2009

2008

2007

2006

2005

2004

117,9

118,3

115,8

114,8

113,6

113,1

115,2

115,5

111,6

105,9

105,0

Rogaland har oftast hatt betre skatteinngang en  landet. Dette har samanheng med høgare folketilvekst, dels også at personinntektene har auka meir enn landet. I 2014 auka skatteinntekt pr. innbyggjar litt mindre enn landet.

 Ein bør sjå dette også i samanheng med inntektsutjamninga i rammeoverføringa frå staten. Kommunar med skattenivå over snittet for landet blir trekt i rammeoverføringa og kommunar som ligg under landsnivået får eit tillegg. For fylket er samla nivå for skatt og inntekts-utjamning på 105,8 % av landsnivået i 2014. Samla for fylket gir inntektsutjamninga eit negativt utslag på  1 395  mill. kr, men 10 av kommunane tener på ordninga, dvs. dei som har lågare skatteinntekt pr innbyggjar enn landssnittet. Dei største ”bidragsytarane” i inntektsutjamninga i 2014 er Oslo med 3 160 mill. kr, Bærum med 1 062 mill. og Stavanger med 930 mill. Sarpsborg er den kommunen i landet som får mest, 248 mill. kr, omtrent tilsvarande kommunane i Finnmark samla.

Lenkje til SSB skatteinngang

Lenkje til KMD inntektsutjamning

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.