Skjønstilskot til språkdeling

Fylkesmannen har fordelt  9,4 mill kr av skjønsmidla for 2013 til kommunane Klepp, Time, Gjesdal, Strand og Tysvær for ekstrautgifter i samband med språkdeling.

Publisert 05.02.2013

Tildelinga er slik:

Kommune

 

1000 kr

Grupper språkdeling *)

1120

Klepp

4 100

13

1121

Time

200

2

1122

Gjesdal

1 100

4

1130

Strand

1 800

6

1146

Tysvær

2 200

7

 

sum

9 400

32

*) talet på grupper som gir grunnlag for tildeling, jf nedanfor.

Følgjande ligg til grunn for tildelinga:

Frå 1996 har kommunar med ekstraklassar/grupper som følgje av reglane om språkdeling fått kompensasjon  via skjønsmidla. Kommunane rapporterer  i Grunnskolens informasjonssystem (GSI) kor mange av språkdelingsgruppene som kjem i tillegg til det samla talet på grupper kommunen/skolen ville ha hatt utan språkdeling. Vi har lagt til grunn kriteria som kjem fram av Kommuneproposisjonen for 1999, St. prp. 60 (1997-98) kapittel 3.5.1.2 ”Kompensasjon for merutgifter knyttet til språkdelings­klasser”. Fordelingskriteria er justert med kommunal prisindeks. Kostnaden pr år for ei gruppe er då rekna til kr 473 000 og eigendelen er kr 41 pr innbyggjar. Kompensasjonsgraden av tilskotsgrunnlaget er sett til 76 %.

Ikkje alle kommunar/skolar praktiserer full språkdeling. Rundskriv 11/2005 frå Utdanningsdirektoratet slår fast at kommunen ikkje kan blanda ulike språkgrupper i anna enn praktisk-estetiske eller liknande fag.

 Karmøy  kommune har tre språkdelingsgrupper, men kravet til eigendel gjer at kommunen ikkje får tilskot. Sola har oppgitt 7 grupper i GSI, men det går fram at berre to av desse er i tråd med rundskrivet nemnt ovanfor. Dermed blir eigendelen for høg til at kommunen kan få tilskot.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.