Orientering om skjønstildelinga for 2012
Skjønstildelinga skal kompensera for ufrivillige utgifter som kriteria i inntektssystemet for kommunane ikkje fangar opp. Vi gir her ei orientering om hovudmomenta ved tildelinga av skjønsmidlar for 2012. Av ei ramme for fylket på 71,4 mill kr er kr 58 176 000 fordelt i samband med statsbudsjettet, medan kr 13 224 000 vil bli fordelt seinare.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I rammetilskotet til kommunane (kap 572), jf Grønt hefte tabell 1-k, er det som i tidlegare år ein sum som er fordelt av fylkesmennene etter skjøn. Fordelinga byggjer på dei prinsippa som kjem fram i kommuneproposisjonen og retningslinjer for skjønstildeling fastsett av KRD.
Av viktige omsyn kan nemnast: "Ved skjønnstildelingen bør fylkesmannen ...ta hensyn til utgiftskrevende forhold av betydning som kommunene selv ikke kan påvirke, og som ikke er fanget opp i inntektssystemet"." Det heiter også m.a. at "Fylkesmennene bør være varsomme med å tildele skjønnsmidler til kommuner som ikke utnytter sitt eget inntektsgrunnlag eller som motsetter seg gjennomføring av forsvarlige utgiftsreduserende tiltak".I særskilte høve kan det gis skjønstilskot til kommunar med ein vanskeleg økonomisk situasjon, men tildelinga skal då knytast opp til ein plan for å koma i økonomisk balanse.
Samla ramme for skjønstilskot for landet 2012 og føregåande år (mill kr):
2012 | 2011 | 2010 | |
Kommunane | 1 633 | 1 697 | 1 686 |
Fylkesmkommunane | 409 | 407 | 405 |
I alt | 2 042 | 2 104 | 2 091 |
Kommune, ordinært skjøn | 1 507 | 1 494 | 1 489 |
" prosjekt m.m. (KRD) | 126 | 203 | 197 |
I tillegg kjem kompensasjon for endringar i inntektssystemet med 400 mill kr i 2011 og 2012, av dette 57 mill kr til kommunar i Rogaland. Denne fordelinga ligg fast til neste revisjon av inntektssystemet (om lag kvart fjerde år).
Samla ordinær skjønsramme for kommunane var 1 507 mill kr. Av dette gjekk 71,4 mill kr til kommunane i Rogaland, mot 74,7 mill kr for 2011. Reduksjonen har i hovudsak samanheng med at fylket ikkje fekk noko av ramma på 100 mill til inntektssvake kommunar i Sør-Norge som ikkje får regionalpolitiske tilskot i 2012. For 2011 fekk Rogaland her 4 mill, som gjekk til Karmøy kommune.
I Grønt hefte, tabell 1-k side 71, er fordelt kr 58 176 000. Kr 13 224 000 er ufordelt. Dette vil bli fordelt seinare, dels til språkdelingsgrupper i desember når nødvendige data ligg føre, og dels til utviklingsprosjekt neste år i juni med søknadsfrist i april.
Som i føregåande år er det lagt inn prisjustert kompensasjon for kommunar som framleis har høgare sats for arbeidsgjevaravgift enn før omlegginga, etter berekningar frå departementet.
Dei viktigaste omsyna i tildelinga elles har vore kommunar med høge utgifter pr innbyggjar til ressurs-krevjande tenester og kommunar som har særlege utfordringar når det gjeld rus/psykiatri. Kostnads-nøkkelen for rus/psykiatri blei lagt om i 2004 og kommunar som i særleg grad tapte på omlegginga har fått kompensasjon for dette. Profilen for kompensasjonen for særleg høge utgifter til ressurskrevjande tenester er nokolunde den same som for 2011, men ajourførte data gjer at utslaga endrar seg noko. Desse utgiftene er svært ujamt fordelt og vi har derfor funne det rett å leggja ein viss kompensasjon til kommunar som har nettoutgifter pr innbyggjar godt over snittet. For rus/psykiatri er profilen for tildelinga den same som inneverande år.
For 2007 blei det lagt inn 2,5 mill kr til kommunar som tapte på innlemminga av tilskot til skyss av helsepersonell i rammetilskotet. Dette gjeld legevaktsamarbeidet i Ryfylke med kommunane Hjelmeland, Finnøy, Rennesøy og Kvitsøy. Frå 2008 er dette lagt til basisramma. Pga. stor kostnadsauke fordelte vi 3 mill ekstraordinært for 2009. Departementet har lagt dette inn i ramma frå 2010 og ekstratildelinga på dette punktet kan påreknast vidareført så lenge vilkåra er dei same, jf elles punkt 5 i retningslinjene frå departementet.
Det er også tatt omsyn til nokre kommunar som ”taper” på handlingsplanen eldre, dvs. at dei bygde ut institusjonsplassar rett før handlingsplanen blei vedtatt og dermed går glipp av støtta andre kommunar får.
Fordeling så langt, dvs. nærare spesifisering av beløp i Grønt hefte (1000 kr):
Ress. krev høge utg. | Psyk/rus | Skyss helse | Etter skjøn elles | Komp. DAA | Sum ordinært skjøn 2012 | |
Eigersund | 2 000 | 2 000 | ||||
Sandnes | 0 | |||||
Stavanger | 0 | |||||
Haugesund | 6 000 | 1 000 | 7 000 | |||
Sokndal | 0 | |||||
Lund | 0 | |||||
Bjerkreim | 0 | |||||
Hå | 0 | |||||
Klepp | 0 | |||||
Time | 0 | |||||
Gjesdal | 1 300 | 1 300 | ||||
Sola | 0 | |||||
Randaberg | 4 000 | 4 000 | ||||
Forsand | 0 | |||||
Strand | 1 000 | 2 000 | 3 000 | |||
Hjelmeland | 1 400 | 1 400 | ||||
Suldal | 0 | |||||
Sauda | 1 000 | 900 | 6 393 | 8 293 | ||
Finnøy | 2 500 | 2 500 | 3 485 | 8 485 | ||
Rennesøy | 1 100 | 500 | 1 600 | |||
Kvitsøy | 500 | 700 | 1 200 | |||
Bokn | 400 | 400 | ||||
Tysvær | 5 500 | 5 500 | ||||
Karmøy | 3 000 | 3 000 | ||||
Utsira | 200 | 200 | ||||
Vindafjord | 1 400 | 9 398 | 10 798 | |||
Fordelt | 9 900 | 8 000 | 5 500 | 15 500 | 19 276 | 58 176 |
Rest | 13 224 | |||||
Sum | 71 400 |