Kommunaløkonomisk statistikk for 2016
Òg i 2016 fekk kommunane eit gunstig netto driftsresultat grunna ekstraodrinære skatteinntekter, medan gjelda framleis aukar.
Det blei spådd at 2016 kjem til å vera eit vanskeleg år for kommunane grunna redusert aktivitet i oljesektoren, og at den høge skatteinntekta vi fekk i 2015 ikkje ville halde fram.
Likevel blei det høgare skatteinntekter enn venta også i 2016, som gav kommunane eit bra resultat. Skatteinntektene skyldast ein tilpassing til nye skattereglar. Det er ikkje venta et ein kan rekna med dette framover, så sjølv om nokre pilar begynnar å peika i rett retning er det framleis svært viktig med god økonomisk styring og kontroll i åra som kjem.
Økonomien er ikkje eit mål i kommunal verksemd, men det økonomiske fundamentet må vera i orden om ein skal kunna nå mål om tenestenivå i kommunen. Derfor er økonomisk handlefridom viktig.
Sjå dokumentet til høgre i margen (eller i botn av saka, for dei som les på smarttelefonar og liknande).