Ny kommunaløkonomisk statistikk

Hovudbiletet samla for fylket er at handlefridomen (netto driftsresultat)  relativt  er svekka noko dei seinare åra, samstundes som gjeldsgraden har nærma seg  landet.

Publisert 20.11.2015

Utviklinga i kommuneøkonomien i Rogaland går i stor grad i same lei som landet. For ein del år sidan kunne økonomien i Rogalandskommunane karakteriserast som relativt gunstig i høve til landet. Dette biletet har blitt mindre eintydig dei siste 2-3 åra. Først og fremst har dette truleg samanheng med noko svakare inntektsvekst og høgt investeringsnivå, slik at meir av investeringane må finansierast ved lån. Konjunkturane ser ut til å gjera noko større utslag for kommunane i Rogaland enn landet under eitt, og ein konjunkturnedgang vil kunna svekka den økonomiske handlefridomen.

Ein meir utførleg gjennomgang av kommuneøkonomien i fylket basert på tal frå rekneskapa for 2014 og utviklingstrekk dei seinare åra, finn du i vedlagde rapport. Vi har i år m.a. prøvt å gå litt grundigare til verks når det gjeld gjeldsbøra, ved å presentera tal for renteeksponert gjeld.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.