Ny kommunaløkonomisk statistikk

Hovudbiletet samla for fylket er at handlefridomen (netto driftsresultat)  relativt  er svekka noko dei seinare åra, samstundes som gjeldsgraden har nærma seg landet.

Publisert 21.11.2014

Utviklinga i kommuneøkonomien i Rogaland går i stor grad i same lei som landet. For ein del år sidan kunne økonomien i Rogalandskommunane karakteriserast som relativt gunstig i høve til landet. Dette biletet har ikkje vore like eintydig  dei siste 3 - 4 åra. Først og fremst har dette truleg samanheng med noko svakare inntektsvekst og høgt investeringsnivå, slik at meir av investeringane må finansierast ved lån. Konjunkturane ser ut til å gjera noko større utslag for kommunane i Rogaland enn landet under eitt, og ein konjunkturnedgang vil kunna svekka den økonomiske handlefridomen.

Ein meir utførleg gjennomgang av kommuneøkonomien i fylket basert på tal frå rekneskapa for 2013 og utviklingstrekk dei seinare åra, finn du i vedlagde rapport.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.