Ekstra skjønstilskot til Finnøy
Fylkesmannen har tildelt Finnøy kommune kr 800 000 av skjønsmidla for 2013 som kompensasjon for ekstraordinære utgifter i samband med brot på hovudvassleidninga i sjøen mellom Finnøy og Nord-Talgje vinteren 2012. Vi har sett på dette som utgifter som kan samanliknast med naturskade som flaum, ras o.l.
Publisert 05.02.2013
Tidlegare i vinter er det tildelt kompensasjon til ei rekkje kommunar elles i landet for utgifter i samband med flaum og ekstremvêr