90 millionar til kommunane i Rogaland på grunn av covid-19
Statsforvaltaren i Rogaland har no foreslått fordeling av 90 millionar i ekstra skjønnstilskot til kommunane i Rogaland. Tilskotet er målretta til dei kommunane med høgast meirutgifter på grunn av smittevern og oppfølging av TISK-strategien i andre halvår 2021. Fordelinga er gjort på grunnlag av kommunanes innrapporterte meirutgifter, faktiske smittetal for andre halvår og Statsforvaltarens kjennskap til lokale forhold.
Statsforvaltaren i Rogaland har fått ei fylkesvis ramme på 90 millionar kroner til fordeling i ekstra skjønnstilskot til smittevern og TISK. Skjønnstilskotet er foreslått fordelt til kommunane slik det kjem fram av tabellen under. Fordelinga må bli godkjent av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Kommunenr |
Kommune |
Fordeling i kroner |
1101 |
Eigersund |
1 700 000 |
1103 |
Stavanger |
29 500 000 |
1106 |
Haugesund |
8 900 000 |
1108 |
Sandnes |
11 500 000 |
1111 |
Sokndal |
400 000 |
1112 |
Lund |
100 000 |
1114 |
Bjerkreim |
100 000 |
1119 |
Hå |
2 600 000 |
1120 |
Klepp |
4 000 000 |
1121 |
Time |
2 800 000 |
1122 |
Gjesdal |
2 100 000 |
1124 |
Sola |
4 800 000 |
1127 |
Randaberg |
1 800 000 |
1130 |
Strand |
2 000 000 |
1133 |
Hjelmeland |
300 000 |
1134 |
Suldal |
300 000 |
1135 |
Sauda |
400 000 |
1144 |
Kvitsøy |
100 000 |
1145 |
Bokn |
100 000 |
1146 |
Tysvær |
3 000 000 |
1149 |
Karmøy |
11 200 000 |
1151 |
Utsira |
100 000 |
1160 |
Vindafjord |
2 200 000 |
SUM |
90 000 000 |
Om fordelinga
I samsvar med retningslinjer gitt av departementet er fordelinga av skjønnstilskotet retta mot dei kommunane med dei høgaste meirutgiftene grunna smittevern og oppfølging av TISK-strategien.
I oktober rapporterte kommunane til Statsforvaltaren om både reelle og berekna meirutgifter til smittevern og TISK for andre halvår 2021. Kort tid etter denne rapporteringa auka smittetala i mange kommunar. Statsforvaltaren har fått tilbakemelding frå fleire av desse kommunane om at dei berekningane som vart gjort i oktober no er for låge.
I tillegg til innrapporterte meirkostnader har Statsforvaltaren derfor også valt å bruke tal på smitta i kommunane for andre halvår (registrert per 26. november 2021) som eit kriterium i fordelinga av skjønnstilskotet. Statsforvaltaren har i tillegg brukt sin kjennskap til kommunane og lokale forhold i fordelinga.
Ein del meirutgifter er uavhengig av talet på smitta. Statsforvaltaren har derfor fordelt skjønnstilskot til alle kommunar i Rogaland, med eit minimumsbeløp på 100 000 kroner.
Det ekstra skjønnstilskotet kjem i tillegg til midlar som allereie er fordelt til kommunane på grunn av pandemien for andre halvår gjennom innbyggjartilskotet. Sjå eige artikkel om ekstra rammetilskot. Regjeringa har i Prop. 24 S (2021-2022) nyleg foreslått ei tilleggsløyving til kommunane på grunn av smittespreiinga i andre halvår 2021.
Ekstra skjønnstilskot vil bli utbetalt til kommunane i termin 11 før jul.