Samarbeid mellom kommunar – organisasjonsformer og styring. Lysark

Interkommunalt samarbeid var eit sentralt tema på Kommuneøkonomidagen 29. mai. Sentrale spørsmål var kva reglar som gjeld, kva modellar som eignar seg og vilkåra for styring  av organa.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.06.2013

”Jæren er et arnested for samarbeid over kommunegrensene” i følgje Arne Rettedal, men det er mange interkommunale samarbeidsorgan også i resten av fylket. Desse er dels organisert som AS (slik som Lyse), interkommunale selskap (IKS), stiftingar, vertskommunesamarbeid, samarbeid etter kommunelova § 27 og reine samarbeidsavtalar. Samarbeidstiltaka reiser ein god del spørsmål av rettsleg og styringsmessig art.

Seniorrådgjevar Elen Schmedling Gimnæs frå KRD hadde ein gjennomgang av det juridiske handlingsrommet når det gjeld dei ulike modellane og korleis styring kan skje. Kontrollvilkåra varierer mellom dei ulike modellane og det varierer kva typar oppgåver dei eignar seg for, m.a. er selskapsform (IKS eller AS) best eigna for forretningsprega oppgåver som vatn og renovasjon.

Prosjektleiar Aslaug Tangeraas, Suldal kommune og rådmann Kristian Birkeland, Vindafjord kommune orienterte om eit vertskommunesamarbeid innan helse i Nordfylket. Denne modellen (lovfesta i 2007) kan m.a. vera godt eigna for samarbeid om barnevern og tiltak i samband med samhandlingsreforma.

Direktør Cicel Aarrestad i Rogaland Revisjon presenterte erfaringar med oppfølging av kommunalt eigarskap, på grunnlag av selskapskontrollar revisjonen har føretatt. Ein av konklusjonane her var at det er blitt meir merksemd på eigaroppfølging her i regionen dei seinare åra.

Lenkje til rapport: Interkommunalt samarbeid - Konsekvenser, muligheter og utfordringer

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.