Tildeling av prosjektskjøn og restskjøn for 2011

Fylkesmannen har fordelt siste del av skjønsmidla for 2011 – kr 3 678 000 - til kommunane Sandnes, Stavanger, Haugesund, Klepp, Sola, Suldal, Sauda, Finnøy, Rennesøy og Tysvær. Det aller meste går til konkrete fornyingsprosjekt kommunane har søkt om. Fleire av prosjekta er samarbeidstiltak slik at tildelinga femner vidare enn dei nemnde kommunane.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.07.2011
Følgjande kommunar og prosjekt er tildelt midlar:
Kommune Prosjekt Tilskot Saman med
Sandnes

Kommunedelplan "Bybånd sør"

200 000 Klepp og Time
Stavanger

"Lengst mulig i eget liv"

400 000  
Haugesund

Helseteam for eldre

480 000 Bokn
Haugesund

Prosjektet "Klare" - kompetanseutvikling for arbeid med barn med autisme

248 000 Tysvær, Karmøy, Suldal, Vindafjord, Etne og Sveio
Klepp

Frisklivsentral for Jærkommunane

300 000 Time
Sola

"Frisk og Rask i Sola" reduksjon sjukefråver

100 000  
Suldal

"Ryfylke vassområde"

100 000  
Sauda

Tilpassingsprosjekt bærekraftig kommuneøkonomi

200 000 dei andre Ryfylkekommunane
Finnøy

Utvikling og implementering av styringsdokument

400 000  
Rennesøy

Utviklingsprosjekt for omstilling og fornying innafor helse- og velferdsområdet

250 000 Finnøy
Tysvær

"Haugalandsløftet" kompetanseheving og samhandling

100 000

Utsira, Bokn, Karmøy, Haugesund, Vindafjord, Suldal, Etne og Sveio

Totalt  

2778000

 

 

Vidare er Haugesund tildelt 0,9 mill kr på meir generelt grunnlag, jf elles momenta som ligg til grunn for den ordinære skjønstildelinga.

I fleire av prosjekta er det ein kommune som søkjer på vegne av fleire. Tilskotet blir utbetalt til ein av kommunane, gjennom rammetilskotet. Nedanfor følgjer ein kort omtale av prosjekta som får støtte.

Sandnes kommune får kr 200 000 til arbeidet med interkommunal kommunedelplan ”Bybåndet sør”. Prosjektet er eit samarbeid med kommunane Klepp og Time. Planarbeidet er eit pilotprosjekt når det gjeld bruken av dei nye reglane for "interkommunalt plansamarbeid" jf ny plan- og bygningslov kap. 9, §9-1 til §9-7.

Stavanger får kr 400 000 til prosjektet "Lengst mulig i eget liv" der målet er å leggja til rette for at brukarar av kommunale tenester skal kunna bu heime så lenge som råd. Gjennom styrking av innsatsen på lågare trinn skal ein førebyggja behovsvekst på høgare trinn. Prosjektet er inspirert av ”Fredericia-modellen” frå Danmark.

Haugesund får kr 400 000 til prosjektet "Helseteam for eldre". Føremålet også her er å hjelpa og støtta eldre til å bli buande heime så lenge som råd. Gjennom førebyggjande heimebesøk ønskjer ein sikra dei eldre rett behandling, til rett tid og på rett stad.

Haugesund kommune får også kr 248 000 til vidareføring av ”Klare”, eit interkommunalt autismeprosjekt. Gjennom metodeutvikling skal ein skapa betre livskvalitet for brukarar/elevar med omfattande tenestebehov. Gjennomføring byggjer på samarbeid med 6 kommunar, seksjon Rehabilitering Helse Fonna og Rikshospitalet, Autisme-enheten.

Klepp kommune får kr 300 000 til etablera ein felles frisklivssentral for kommunane Klepp, Time og Gjesdal (i første omgang Klepp og Time) og greia ut ulike modellar for samarbeid i samband med dette.

Sola kommune får kr 100 000 til prosjektet ”Frisk og Rask i Sola" som skal bidra til redusert sjukefråver gjennom å motivera til fysisk aktivitet, m.a. gjennom ein eigen nettportal.

Suldal kommune får kr 100 000 i samband med oppstart av”Ryfylke vassområde”. Hovudmål er framskaffing av kunnskapsgrunnlag og utarbeiding av miljømål og tiltak.

Sauda kommune får kr 200 000 til vidareføring av eit driftstilpassingsprosjekt med mål å sikra berekraftig kommuneøkonomi og eit godt tenestetilbod i ei tid med vanskelege økonomiske realitetar, endringar i rammevilkår og utfordrande demografisk utvikling.

Finnøy kommune får kr 400 000 til utvikling og implementering av styringsdokument. Formålet vil vera å styrkja og utvikla styringssystemet i kommunen, ved å utvikla og implementera styringsdokument på dei viktigaste arbeidsprosessane. Styringsdokumenta vil vera grunnlaget for utøving og utvikling av leiing, styring og kontroll i organisasjonen.

Rennesøy kommune får kr 250 000 til eit utviklingsprosjekt for omstilling og fornying innanfor helse- og velferdsområdet. Formålet er å gi Rennesøy og Finnøy eit solid dokumentasjons og analysegrunnlag for å vidareutvikla og fornya tenestetilbodet innan helse, omsorg og velferd, i takt med nye og sektorovergripande utfordringar.

Tysvær kommune får kr 100 000 til ”Haugalandsløftet”. Dette er eit kompetanse-hevings- og samhandlingsprosjekt innan oppvekstsektoren i 10 kommunar på Haugalandet. Statped Vest, Høgskulen Stord/Haugesund, Helse Fonna og Korus Vest er viktige samarbeidspartnarar.

Tildelingane gjeld for 2011.

For å sikra overføringsverdien minner vi om at alle prosjekta skal vera godt dokumenterte. Det er ein føresetnad at dei kommunar som har fått prosjektskjøn rapporterer innan tre månader etter avslutning av prosjektet om kva ein har oppnådd, kva erfaringar som er gjort og kva nytte eigen/eigne kommunar og andre kommunar kan ha av prosjektet. Føremålet med dette er å auka nytteverdien gjennom spreiing av kunnskap. Det kan også bli aktuelt å presentera prosjekta på seminar o.l.

Vi gjer elles merksam på at midla vil koma som del av rammeoverføringa, dvs. i ein av dei framtidige terminutbetalingane. Dette er såleis ikkje ei særskilt tilskotsordning. Dokumentasjon på utbetaling vil ein finna på KRD sine nettsider, under Kommune- og fylkesforvaltning/ Kommuneøkonomi/ løpende inntektsutjevning og utbetaling av rammetilskudd.

Kontaktpersonar prosjekt (basert på søknadene):

Sandnes: Marco Zanussi
Stavanger: Per Haarr
Haugesund (1): Leif Birkeland
Haugesund (2): Marit E. Ness
Klepp: Kåre Bøen
Sola: Sissel Røynstrand
Suldal: Nils Moldøen/Ryfylke IKS
Sauda: Andreas Fløgstad
Finnøy: Helene M. Ohm
Rennesøy: Knut Underbakke
Tysvær: Sigmund Lier

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.