12 millionar fordelt til innovasjons- og fornyingsprosjekt i kommunane
For 2024 har Statsforvaltaren i Rogaland fordelt 12 millionar kroner til 10 innovasjons- og fornyingsprosjekt i kommunane. I denne artikkelen kan du lese om prosjekta som har fått tilskot.
Vi treng nye løysingar for framtida
Framtida byr på utfordringar knyta til demografi og urbanisering. Vi treng nye løysningar og ny teknologi i kommunane for at dei skal klare å yte gode tenester inn i framtida. Difor har Statsforvaltaren fordelt 12 millionar kroner for 2024 til ti innovative prosjekter i kommunane i Rogaland.
Sauda sitt prosjekt med å innføre telemedisin for å avlaste spesialistar hos legevakta, Karmøy sitt prosjekt som omhandlar ein ny måte å fordele farmasøytiske legemiddel og prosjektet til Eigersund som skal sikre tilgang på helsepersonell i Dalane kommunane gjennom distriktsvennleg sykepleieutdanning, er alle prosjekt som tar sikte på å skaffe og nytte kritisk helsepersonell betre.
Berekraftige velferdssamfunn er ei av tre tverrfaglege satsingar hos Statsforvaltaren i Rogaland. Dei to andre er klima og barn og unge.
Totalt kom det inn heile 31 søknadar frå fleire ulike fagområde. Fordelinga til prosjekta og kommunene av dei 12 millionane til innovasjon og fornying ser du under.
Midla er fordelt til følgjane prosjekt
prosjekt | kommune | tildeling kr |
Videre utvikling av system for kunnskapsstøtte i kommunene | Stavanger | 1 350 000 |
Sammen på god vei - del to | Stavanger | 850 000 |
Fleksibel- og distriksvennlig sykepleie i Dalane (Dalane modellen) | Eigersund | 1 450 000 |
«It takes a village to raise a child» | Strand | 1 000 000 |
Hele familien | Sandnes | 1 750 000 |
Omstilling 2035-forprosjekt | Gjesdal | 800 000 |
Rett hjelp der barnet bur | Haugesund | 500 000 |
Kommunalt Legemiddelteam | Karmøy | 1 600 000 |
Optimalisere velferdsteknologi | Karmøy | 900 000 |
Teknologi for mer bærekraftig legevakttjeneste i distriktene | Sauda | 1 800 000 |
Om prosjekta
Stavanger kommune får 1 350 000 kroner til prosjektet «Videre utvikling av system for kunnskapsstøtte i kommunane», som er eit interkommunalt prosjekt i regi av det lokale forskningssamarbeidet innan helse og velferd i Sør-Rogaland og som er forankra i det nasjonale KSF organet – Kommunanes strategiske forskningsorgan. 14 av 15 kommunar i Sør-Rogaland deltek i samarbeidet.
Stavanger kommune har og fått tilskot med 850 000 kroner til av prosjektet «Sammen på god vei – del to», som er eit innovasjonsprosjekt i samarbeid med SUS og kommunane Sola, Strand og Klepp om å handtere kortidsopphold på sjukeheim.
Eigersund kommune har saman med kommunane Bjerkreim, Sokndal, Hå og Lund fått tildelt 1 450 000 kroner i tilskot for prosjektet «Fleksibel og distriktsvennlig sykepleie i Dalane», som skal legge til rette for det nye sjukepleiestudiet i Dalane.
Strand kommune får tildelt eit tilskot på 1 000 000 kroner for prosjektet «It takes a village to raise a child», som skal møte utsette barn og ungdom på fleire arenaer i kvardagslivet.
Sandnes kommune får 1 750 000 kroner til prosjektet «Hele Familien», som vil følge opp 20 til 30 lavinntektsfamilier fram til uteksaminering av vidaregåande skole.
Gjesdal kommune får 800 000 kroner til prosjektet «Omstilling 2035-forprosjekt». Eit prosjekt som involverer nærast alle avgjerdstakarar i kommunen og omhandlar tilpassingar over fleire valperiodar for å vere rusta for utfordringar i framtida, med bakgrunn i mellom anna demografi.
Haugesund kommune får 500 000 kroner til prosjektet «Rett hjelp der folk bor» som saman med Karmøy kommune og Stord Kommune skal drive eit prosjekt som opprettar team som behandlar familiar med barn med alvorlege åtferdsvanskar.
Karmøy kommune får 1 600 000 kroner til prosjektet «Kommunalt Legemiddelteam» som vil danne team med farmasøytar for å sørge for medisinering, i staden for at ufaglærte utførar dette arbeidet.
Karmøy kommune får i tillegg 900 000 kroner for prosjektet «Optimalisere verferdsteknologi» for å betre utnytte dei store digitale investeringane som har blitt gjort.
Sauda kommune får tildelt 1 800 000 kroner til prosjektet «Teknologi for mer bærekraftig legevaktstjeneste i distriktene». Kommunen vil implementere telemedisinteknologi for betre å utnytte spesialistkompetanse mellom kommunane Sauda, Suldal og Haugesund saman med Helse Fonna HF.
For meir informasjon om føresetnader for tildeling og krav om rapportering, sjå brev om tildeling til høgre.