Søknad frå IVAR IKS om fornya løyve til ettersorteringsanlegget på Forus

Høringsfrist:
22. oktober 2024

IVAR IKS søkjer Statsforvaltaren i Rogaland om revidert løyve etter forureiningslova, for gjenoppbygging av ettersorteringsanlegget på Forus etter brann i 2022.

Publisert 18.09.2024

Verksemda søkjer om mindre endringar av tidlegare løyve til å sortere restavfall og papiravfall frå hushald. Sjå søknaden for utredning av utslepp frå verksemda.

Me ber om informasjon om forureining som kan påverke saken, og som me bør tar omsyn til i sakshandsaminga.

Saksdokumenta finn du i dokumentlenka til høgre. Merknader til søknaden kan du sende Statsforvaltaren i Rogaland, postboks 59 sentrum, 4001 Stavanger, eller til: sfropost@statsforvalteren.no.

Merk saka med referansenummer 2024/7415. Frist for å gje fråsegn er 22.10.2024

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal.