Høyring av søknad om endra løyve frå Franzefoss Gjenvinning AS avd Haugesund

Høringsfrist:
2. september 2024

Franzefoss Gjenvinning AS avd Haugesund søkjer Statsforvaltaren i Rogaland om endring av løyve etter forureiningslova. Søknaden gjeld utvida rammar for å handtere farleg avfall på anlegget i Jovegen 70, Haugesund kommune.

Publisert 24.07.2024

Verksemda søkjer om å auke grensa for mengder og typar farleg avfall, og løyve til å kverne impregnert trevirke på anlegget.

Saksdokumenta finn du i dokumentlenka til høgre. Merknader til søknaden kan du sende Statsforvaltaren i Rogaland, postboks 59 sentrum, 4001 Stavanger, eller til: sfropost@statsforvalteren.no.

Merk saka med referansenummer 2024/7167. Frist for å gje fråsegn er 02.09.2024

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal.