Kunngjering av søknad om endring av utsleppsløyve frå Svaaheia Avfall AS
- Høringsfrist:
- 21. august 2024 23:00
Svaaheia Avfall AS søkjer Statsforvaltaren i Rogaland om endring av løyve etter forureiningslova. Søknaden gjeld grenseverdiar for perfluorerte stoffar (PFAS) i massar som skal deponerast, og løyve til mellomlagring av botnaske.
Svaaheia Avfall AS søkjer å fjerne grenseverdien for avfall med PFOS eller PFOA over 20 µg/kg som er definert i det eksisterande løyvet. Det søkast om løyve til å deponere avfall med konsentrasjonar over 20 µg/kg i ei ny deponicelle med dobbel botn- og sidetetting. Vidare føreslår dei å fastsette ein grenseverdi for PFOS/PFOA på 20 µg/kg for deponering av massar utanfor denne cella i eit ordinært deponi.
Svaaheia Avfall AS søkjer og om å få oppdatert løyvet slik at dei kan mellomlagra botnaske klassifisert som stabilt ikkje-reaktivt farleg avfall. Verksemda opplyser at området som er tiltenkt dette føremålet vil bli asfaltert med eit tett dekke. Overvatn og sigevatn vil leiast direkte til reinseanlegget før utslepp til resipient.
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Merknader til søknaden kan du sende Statsforvaltaren i Rogaland, postboks 59 sentrum, 4001 Stavanger, eller til: sfropost@statsforvalteren.no.
Merk saka med referansenummer 2024/7291. Frist for å gje fråsegn er 21.08.2024.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal.