Nytt løyve til mottak av farleg avfall på Toraneset Miljøpark, Vindafjord kommune
- Høringsfrist:
- 5. juli 2021
Haugaland Interkommunale Miljøverk (HIM) søker om nytt løyve til mottak, sortering, og lagring av farleg avfall frå næringsverksemd og hushald på Toraneset Miljøpark i Vindafjord kommune.
Publisert 04.06.2021
Nåverande løyvet for mottak av farleg avfall på Toraneset blei gitt i 2010. Når løyvet er over 10 år gammalt kan forureiningsmyndigheit ta opp løyvet til revisjon i medhald av forureiningslova § 18 tredje ledd. På dette grunnlag har Statsforvaltaren bedt HIM søke om nytt løyve etter forureiningslova § 11 og avfallsforskifta § 11-6.
Uttale frå interesserte kan sendast til Statsforvaltaren i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller til sfropost@statsforvalteren.no innan 05.07.2021.
Sjå høyringsbrev og søknad med vedlegg i dokumentlenka til denne nettsaka.
- Høringsfrist:
- 5. juli 2021