Ta eit e-læringskurs om likestilling, mangfald og menneskerettar

Eit bilete som viser fire kvinner som berre kom halvvegs over eit stort og trafikkert lyskryss på den tida som var til rådvelde. Mange av oss med nedsett funksjonsevne treng lengre tid på å krysse slike vegar. Foto: Stine Håkonsen

Har du eit ansvar for arbeid med sosial berekraft, likestilling, mangfald og menneskerettar i det offentlege? Da vil eit nytt e-læringskurs kunne gi deg mye konkret og nyttig kunnskap.

Publisert 24.03.2025

Nå kan du ta eit nytt e-læringskurs for å styrke arbeidet med likestilling, mangfold og menneskerettar på din arbeidsplass. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har lansert eit e-læringskurs for dei som er har ansvaret for å koordinere eller følgje opp arbeidet med likestilling, mangfald, menneskerettar (inkludert CRPD). 

E-læringskurs som styrker arbeidet med likestilling, mangfald og menneskerettar | Bufdir

Kurset er spesielt aktuelt for dei som jobber i ein kommune, men det passer godt også for andre deler av offentleg sektor, som til dømes hos Statsforvaltaren eller hos andre klageinstanser. Kurset gir konkrete verktøy og døme på korleis arbeidet kan forankrast og følgjast opp på tvers av fagområde og sektorar.

Fleire akuelle e-læringskurs

Det nye e-læringskurset er ein oppfølgjar til introduksjonskursa som Bufdir lanserte i 2024. Desse er utvikla for tilsette og leiarar, og handler om likestilling, inkludering og mangfald og om FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne. Begge desse kursa, og fleire andre relevante e-læringskurs, har vi samla på ei side.

[Samleside] e-læringskursa om å fjerne samfunnsskapte barrierer

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.