PASRL kapittel 4A
Helsehjelp til pasientar uten samtykkekompetanse som motsetter seg helsehjelpen m.v.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kapittel 4A i lov om pasient- og brukarrettar blei gjort gjeldande frå 01.01.2009. Føresegna har som formål å sikra nødvendig helsehjelp til pasientar som manglar samtykkekompetanse og som motsett seg helsehjelpa. Enkelte pasientar utan samtykkekompetanse motsett seg helsehjelp utan å forstå konsekvensane av å takka nei. Det kan føre til at det oppstår ei vesentleg helseskade.
Føresegna skal også førebyggja og avgrensa bruk av tvang. Dette kjem til uttrykk gjennom strenge vilkår for å yte helsehjelp til pasientar som motsett seg hjelpa, og gjennom særskilde reglar for sakshandsaming og overprøving. Den klare hovudregelen er at ein prøvar frivillige tiltak før ein gjev helsehjelp med tvang. Sjølv om det er mogleg å gje helsehjelp som ein pasient motsett seg, er det ikkje meint å skulle løyse omsynet til eventuelt lite ressursar eller personale i helsetenesta.