Kan du tenke deg å bli ledar i kontrollkommisjonen for psykisk helsevern i Rogaland?

Statsforvaltaren er statens fremste representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og Regjeringa sine vedtak, mål og retningsliner blir følgde opp i Rogaland. Statsforvaltaren har som oppgåve å nemne opp medlemmar til Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern.

Publisert 17.03.2025

Ledar i Kontrollkommisjonen

Vi søkjer ledar for oppnemning til Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern.

Hovudoppgåva til kontrollkommisjonen er å sikre rettstryggleiken til pasientane i møtet med det psykiske helsevernet. Kommisjonen fører kontroll med tvangsvedtak, informerer pasientane om klagerett og fører velferdskontroll. Kommisjonen har fast møte kvar 14 og heile arbeidsdagen går med.

Du må ha interesse for psykisk helsearbeid eller psykisk helsevern og for tida ikkje arbeide i det psykiske helsevernet.

Me treng:

  • ledar for kontrollkommisjonen for psykisk helsevern Rogaland 1 (Stavanger).

Kvalifikasjonar 

Krav til kvalifikasjon for ledar for kontrollkommisjonen:

  • Kontrollkommisjonen skal leiast av ein jurist som er kvalifisert til å gjere teneste som dommar. Sjå krava i domstollova §§ 53-55. Det inneber mellom anna krav om å

    • vera norsk statsborgar
    • vera over 25 år
    • ha juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap
    • tilfredsstille høge krav til faglege kvalifikasjonar og personlege eigenskapar.

    Leiaren bør ha erfaring anten som dommar/dommarfullmektig, barneverns- og helsenemndsleiar eller innan helse- og sosialrett, til dømes frå advokatpraksis eller arbeid i offentleg forvaltning.

Søknad

Du må levere søknad med følgjande opplysningar:

  • CV eller ei liknande oppstilling av utdanning og praktisk erfaring, og vitnemål
  • kvifor du ønskjer å vere med i kontrollkommisjonen
  • opplysningar om du har vore medlem i kontrollkommisjonen tidlegare, kva kommisjon dette var og kva periode/periodar
  • opplysningar om andre aktuelle engasjement og tilsettingar (for habilitetsvurdering)
  • namn på to personar som vi kan kontakte for referansar

Habilitet

I psykisk helsevernlova § 6-2 tredje ledd står det at: «Ingen kan være medlem av en kontrollkommisjon som skal føre tilsyn med tiltak og institusjoner for psykisk helsevern som vedkommende har noe ansvar for i sin vanlige stilling.»

Helsedirektoratet seier vidare at medlemmen heller ikkje bør vere tilsett i det psykiske helsevernet. 

Oppnemning

Vi gjennomfører intervju, dokumentkontroll og sjekkar referansar. Oppnemningsperioden er fire år. Oppnemninga er personleg. I tilfelle den som vert oppnemnd også er medlem i brukar- eller pårørandeorganisasjon, representerer vedkomande som medlem i kommisjonen ikkje virket eller synspunkta til organisasjonen.

Helsedirektoratet legg til grunn at oppnemning til verv i kontrollkommisjon ikkje er å rekne som enkeltvedtak etter forvaltningslova.

Godtgjering for arbeid i kontrollkommisjonen

Arbeid i kontrollkommisjonen vert godtgjort per time etter reglane i psykisk helsevernforskrifta §§ 64 – 68. Satsen er rekna i prosent av salærforskrifta § 2. Reiseutgifter vert dekt etter særavtalen om dekking av utgifter til reise og kost innanlands. Nærare informasjon blir gitt ved oppnemning.

Arbeidstid varierer etter behov for dei enkelte kommisjonane. Helsedirektoratet arrangerer årlege kurs med opplæring av nye medlemmer av kontrollkommisjonane.

Meir informasjon finner du på vår og Helsedirektoratet sin nettside, se lenkjer til høyre.

 

Søknad/CV/Vitnemål sendes postmottaket til Statsforvaltaren: sfropost@statsforvalteren.no

Søknadsfrist: 13.04.2025.

Nærare opplyningar kan du få av ass. avdelingsdirektør Rigmor Kvia de Waard, tlf. 51 56 87 94 eller Kristine Norland, tlf 51 56 87 59.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.