Kan Nav avslå sosialstønad til dei som har ubrukt kreditt?
Dei som søkjer sosialstønad skal i utgangspunktet bruke alle tilgjengelege midlar før dei kan få stønad, men Nav kan ikkje krevje at dei skal bruke kreditt.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Nav kan ikkje leggje til grunn at nokon skal nytte kreditt eller ta opp lån for å sørgje for livsopphaldet sitt. Det har Arbeids- og velferdsdirektoratet slått fast i rundskriv 35 til sosialtenestelova. Dette gjeld også for personar som banken eller låneinstitusjonen meiner er kredittverdige.
Eigne midlar
Før ein kan få sosialstønad må ein som utgangspunkt bruke dei midlar som ein rår over, eller kan gjere tilgjengelege, til eige livsopphald. Dette gjeld alle former for bankinnskot, formue, kapitalinntekter, uteståande midlar, formuesgode som kan realiserast, leigeinntekter, arv, pengegåver, gevinstar, erstatningar, legat og liknande.
Nav må likevel vurdere kvar søknad konkret ut frå den sosiale og økonomiske situasjon søkjaren er i. Nav må ta omsyn til kva type midlar det gjeld, kva konsekvensar det får for søkjaren at midla vert brukt, kor stort beløp det er tale om og om hjelpebehovet er kortvarig eller langvarig.
Kreditt på bankkontoen
I samsvar med Arbeids- og velferdsdirektoratet si tolking av lova, kan ikkje Nav be dei som søkjer om sosialstønad om å bruke kredittkort eller ta opp lån på annan måte.
Nokre bankar innvilger kreditt på vanlege brukskontoar, og kredittbeløpet kjem fram som disponibelt beløp. Å bruke tilgjengeleg kreditt er i realiteten å låne pengar av banken. Sjølv om ein skal bruke dei midlar som ein rår over, og sjølv om kredittbeløpet kjem fram som disponible pengar i kontoutskrifter, så skal ikkje Nav be søkjaren bruke kredittbeløpet før vedkomande kan få sosialstønad. Dette vil i tilfelle vere jamstilt med å be søkjaren ta opp lån, noko som er i strid med lova.