Fleire unge med låginntekt

Forskjellane i Norge aukar, og stadig fleire unge står utan arbeid og kjem i gruppa med låginntekt visar Nav sin fattigdomsrapport for 2016. Årsaka er ein svakare arbeidsmarknad og høgare arbeidsløyse, samt auke i innvadrarbefolkninga, seier kunnskapsdirektør i NAV, Yngvar Åsholt.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.12.2016

Talet på personar som lever på låginntekt er høgast blant unge vaksne, innvandrarar, einslege, eineforsørgjarar og personar med korttidsytingar frå NAV. Samtidig er eldre med låginntekt betydeleg redusert dei siste årene. Barn som lever i hushald med vedvarande låginntekt har auka dei siste 10 årene og utgjer no 92 000 barn. Litt over halvparten av desse har innvandrarbakgrunn.

 

Les meir om tilstand og utviklingstrekk i den vedlagte rapporten.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner