Samhandlingsreforma - kva no?
Fylkesmannsembeta har følgt utviklinga av samhandlingsreforma. Når det gjeld satsinga på frisklivssentralar og kommunale strakshjelp-døgnplassar, meiner vi at det trengst ei evaluering av om desse tilboda gjev den nytta ein kunne vente.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fylkesmennene i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane har samarbeidd om oppfølginga av samhandlingsreforma i perioden 2012-15. Her er nokre av tilrådingane vi har til det vidare arbeidet.
Frisklivssentralen bør evaluerast
Frisklivssentralane skulle styrkje den førebyggande innsatsen i helsetenesta, og fleire av kommunane i regionen har oppretta slike. Vi meiner det er grunn til å stille spørsmål ved om dette er effektiv ressursbruk. Tenesta er ny og bør på same måte som andre tiltak evaluerast.
Øyeblikkeleg hjelp-døgnplassar i alle kommunane?
Oppretting av strakshjelp-døgnplassar skulle sikre gode og nære tenester. Dei fleste kommunane i regionen har oppretta, eller har planer om oppretting av eit slikt tilbod. Erfaring så langt syner at det er stor variasjon i storleik, innretting og bruk av plassane. Det tyder på at det bør gjerast ei vurdering av om dette er eit berekraftig alternativ til andre tenester i kommunen.
Styrkt samarbeid mellom kommunar og sjukehus
Meir samanhengande tenester er eit av fleire mål for reforma. Samarbeidsavtalane har ført til betre samarbeid, men det er behov for å betre informasjonsutvekslinga ved innlegging og utskriving for sikre rett behandling. Ved revisjon av avtalane kan det vere grunn til å vurdere forenkling og nødvendig å trekkje fastlegane meir med i arbeidet.
Informasjon til og medverknad frå pasientar
Både sjukehus og kommunar bør vurdere korleis dei i større grad kan leggje til rette for og vareta pasienten sin rett til informasjon og medverknad generelt og særleg i samband med overgangar.
Habilitering og rehabilitering
Fylkesmannens undersøking frå 2015 syner at kommunane treng betre oversikt over behov for rehabilitering og habilitering og nærare samarbeid med spesialisthelsetenesta.
Tydelegare satsing på folkehelse
Samarbeidet på tvers av sektorar og tenester er på langt nær godt nok. Kommunane bør skaffe seg betre kunnskap, kompetanse og oversikt over utfordringane er avgjerande for at kommunane skal kunne ta tilstrekkeleg omsyn til folkehelsa i samfunnsplanlegginga. Fylkeskommunen og staten skal bidra til at kommunane får det kunnskapsgrunnlaget dei treng.