Koronaviruset: Her held du deg oppdatert
Råd og informasjon finn du på Folkehelseinstituttets nettsider og på helsenorge.no. Her finn du lenker, informasjon, kontaktar hos oss – og korona- og vaksinasjonskart for Rogaland.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Statsforvaltaren sitt ansvar er å vera eit bindeledd mellom kommunane og sentrale helsestyresmakter. Me held også tett kontakt med dei regionale helseføretaka; Helse Fonna og Helse Stavanger.
Korona- og vaksinasjonsstatus i Rogaland
I denne kartløysinga ser du smittetals- og vaksinasjonsstatus i Rogaland. Risikonivåa er baserte på kommunane si eigenrapportering til oss. Folkehelseinstituttet utarbeider vekerapportar om koronavirus og covid-19-epidemien i Norge – for alle fylka.
Status i Rogaland
Kven kan svara på kva?
Det er mange som tar kontakt med Statsforvaltaren om koronarelaterte problemstillingar. Enkelte av spørsmåla må me ta vidare til Helsedirektoratet. Dialogen med kommunane i Rogaland er tett og god.
Statsforvaltaren i Rogaland arrangerer jamlege møte med alle kommunane i fylket, i tillegg samlar me fylkesberedskapsrådet for å få ei brei oppdatering.
Oppdatert informasjon
For oppdatert informasjon, tilrår me bruk av desse nettsidene: regjeringa.no, Folkehelseinstituttet, Utdanningsdirektoratet og helsenorge.no